Skyt ikkje på pianisten

God fagleg informasjon er viktig for den offentlege debatten og for demokratiet. Men det blåblå styret i Vest-Agder og Kristiansand vil tydeleg vis halde tilbake fakta som ikkje passar dei. I dag kan vi lese i Fædrelandsvennen at ein tilsett blei skjelt ut av fylkesordføraren fordi han nøkternt og sakleg har uttalt seg om innhaldet i ein fagleg rapport. Sentrale høgrepolitikarar i Kristiansand kasta seg også på denne urimelege kritikken. Dette er fullstendig uakseptabelt.

Skal demokratiet fungere, må folk flest ha relevant fagleg informasjon. Det er ikkje akseptabelt at den politiske leiinga vil sile faktainformasjon som er sentral for den offentlege debatten i konfliktfylte saker. Derfor er det viktig at vi har fagfolk med integritet og som ikkje lar seg presse til å justere fakta til det den til ei kvar tid sitjande makta likar.

Når ein leiar går laus på ein tilsett i offentlegheit for å redde sitt eige skinn, så er det svært dårleg leiarskap. Kommunar og fylkeskommunar kan ikkje vente å få gode fagfolk om dei behandlar dei på denne måten. Det skaper heller ikkje respekt for politikarane og det politiske systemet. Her bør det nye og etter kvart svært så sjølvgode maktapparatet på Sørlandet gå i seg sjølv.

Alf

Oljeutvinningstempoet – ei utfordring for landbasert næringsliv

Noreg er i ferd med å få eit todelt næringsliv. Oljeutvinningstempoet er så høgt at det skapar eit farleg prispress for andre deler av industrien. I gleda over nye oljefunn må vi derfor ikkje gløyme behovet for å utvikle eit robust og allsidig næringsliv.

Stadig oftare får eg bekymringsmeldingar om presset frå den oppheta oljeøkonomien. I romjula kom det jamvel ei bekymringsmelding frå oljenæringa sjølv. Oljenæringa har gode tider og slit med å få tak i nok kompetent arbeidskraft. Det fører til eit prispress som andre næringar har problem med å handtere. Når dette fell saman med ein turbulent økonomisk situasjon i våre største eksportmarknader, så er det grunn til å ta situasjonen på alvor. Den raudgrøne regjeringserklæringa legg vekt på å utvikle eit framtidsretta næringsliv som kan ta posisjonar i nye marknader. Noreg kan ikkje leve av olja aleine.

Oljeutvinningstempoet er eit viktig klimaspørsmål. Men det er også eit sentralt spørsmål for norsk næringsliv. Utviklinga av norsk oljerelatert leverandørindustri er ei suksesshistorie som vi må ta vare på. Men vi treng fleire bein å stå på. Skal vi få til det, må vi redusere det høge oljeutvinningstempoet. Viss ikkje kan vi få  eit kostnadsnivå som ikkje er berekraftig over tid for andre deler av næringslivet. Verdiane på havbotn forsvinn ikkje om vi brukar lenger tid på å ta dei opp.

Alf

Statleg eigarskap er ikkje b-eigarskap

”Forhåpentligvis har han (Giske) lært at han hverken er en Kjell Inge Røkke, en Stein Erik Hagen eller en John Fredriksen. Selv om Giske er sjef for den største eierandelen i norsk næringsliv, er han kun en forvalter på vegne av oss andre. Han eier ikke mer enn folk flest.” Dette skreiv Dagens næringsliv på leiarplass sist torsdag. Eg er sjølvsagt samd i at regjeringa skal forvalte sitt eigarskap på vegne av folket. Men i motsetning til det som Dagens næringsliv impliserer, så har regjeringa rett og plikt til å utøve eit like aktivt og direkte eigarskap som ein privat eigar.

I saka om Aker og Aker Solutions understreka kontrollkomiteen i Stortinget verdien av at ”staten som eier, på linje med andre industrielle eiere, deltar aktivt og tydelig med klare, velbegrunnede og selvstendige standpunkter knyttet til større strategiske industrielle disposisjoner i selskapet.” Det er sjølvsagt ingen grunn til at staten som representerer folket, skal vere mindre aktiv enn ein privat eigar, sjølv om mange ambisiøse styreleiarar og administrerande direktørar gjerne skulle like å få knesett eit slikt prinsipp.

Støyen kring Telenok kan også sjåast som ein kamp for å passivisere det statlege eigarskapet.

Ein kortare versjon av dette innlegget stor på trykk i Dagens Næringsliv i dag.

Alf

Bernander på ideologisk sidespor

Vårt eksportretta næringsliv står overfor krevjande utfordringar. I denne situasjonen er det underleg at Bernander vel å fokusere på privatisering av offentleg sektor. Det verkar som om han er meir opptatt av høgreideologi  enn av næringsutvikling.

Les meir her http://www.nyemeninger.no/alle_meninger/post230008.zrm

Vikarbyrådirektivet – ein trussel mot norsk arbeidsliv

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

EU har komme med eit nytt direktiv, vikarbyrådirektivet, som trugar sentrale verdiar i den nordiske samfunnsmodellen. Fast arbeid er eit heilt grunnleggande prinsipp i norsk arbeidsliv. Vikarbyrådirektivet bryt radikalt med dette prinsippet og legg opp til at fast arbeid ikkje lenger skal vere det normale.

Direktivet har to formål. På den eine sida skal det, slik Kari Henriksen skreiv her i avisa i romjula, skape meir ryddige forhold for i vikarbransjen, og det trengst! Fagorganiserte har lenge kravd ordna forhold for vikarar, med same lønns- og arbeidsforhold som fast tilsette. Fagrørsla krev også at tillitsvalde skal ha innsynsrett, at innleigebedriftene skal stå solidarisk ansvarleg for lønna til vikarane, og at dei tillitsvalde skal få rett til å gripe inn mot ulovleg vikarbruk. Men det er absolutt ingen ting som hindrar regjering og storting i å orden opp i dette utan noko EU-direktiv.

Det andre formålet med vikarbyrådirektivet er å legge til rette for meir bruk av vikarbyrå og vikarar. Fast tilsetjing i ei bedrift skal ikkje lenger vere det normale. No skal det bli like normalt med innleigd arbeidskraft der personalansvaret kan vere plassert ein heilt annan stad. Dette er ei skremmande utvikling som vi har sett konturane av lenge. De Facto har presentert tal som viser at dei seks største bemanningsselskapa har dobbelt så mange bygningsarbeidarar i Oslo som dei seks største entreprenørselskapa.

Utstrakt bruk av innleigd arbeidskraft fører til svakare tilknyting til arbeidsplassen, færre fagorganiserte og mindre tryggleik for arbeid og inntekt. Utan fast inntekt er det vanskeleg å få lån og skaffe seg bustad. Mange fryktar også at den utstrakte vikarbruken vil gå ut over fagutdanning og rekruttering fordi vi ikkje lenger har stabile arbeidsmiljø som kan ta i mot lærlingar og vidareutvikle faget.

Det alvorlegaste med vikarbyrådirektivet er at makta over lov og avtaleverk blir flytta frå norske styresmakter til EU – til ESA og EFTA-domstolen. Det bekymrar tydeleg vis ikkje tilhengarane av direktivet. Men NHO har skjønt dette og har erklært at dei med vikarbyrådirektivet i handa vil få EFTA-domstolen til å fjerne dei formuleringane i arbeidsmiljølova som hindrar uhemma vikarbruk. Dei vil ha eit lausarbeidarsamfunn. Det er ikkje utan grunn at det er fleire og fleire fagforbund som tar klart standpunkt mot direktivet og vil markere det med politisk streik 18. januar.

Alf Egil Holmelid, stortingsrepresentant for SV

Paul Magnus Gamlemshaug, tillitsvald i Posten og medlem Fagleg utval i SV

Forskjellskrisa

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

På kort tid har den vestlege verda opplevd to økonomiske kriser. I 2008 fekk vi finanskrisa som starta i USA, og no er mange EU-land inne i ei ny krise. Dei økonomiske krisene dominerer mediebiletet og set den politiske dagsorden. Men det har også utvikla seg ei anna krise, ei forskjellskrise som vi høyrer mindre om. Forskjellskrisa utfordrar demokratiet, skaper sosiale konfliktar og bidrar til økonomisk ustabilitet. Like vel held den politiske høgresida fast på ein politikk som vil auke dei økonomiske forskjellane i samfunnet.

USA er framleis ei økonomisk stormakt som mange ser til. Norske økonomar har sterke band til amerikanske fagmiljø, og nyleg kunne vi lese at høgreordføraren i Kristiansand vil hente inspirasjon frå USA. Derfor kan det vere grunn til å sjå nærare på korleis økonomien og dei økonomiske forskjellane har utvikla seg der. I 1980 gjekk 9% av dei totale inntektene i landet til den 1% rikaste delen av befolkninga. Nokre tiår seinare i 2007 gjekk heile 27,5% av inntektene til dei 1% rikaste. Den økonomiske veksten i landet har i liten grad komme vanlege folk til gode. Ein arbeidar har lågare realinntekt i dag enn i 1973, og talet på fattige i USA har nådd 14%.

Voldsame økonomiske forskjellar er ikkje berre eit moralsk problem. Det er også ei stor demokratisk utfordring. Makta følgjer pengane. Når ein så stor del av ressursane blir samla på få hender, så får vi ein maktelite som er utanfor demokratisk kontroll, og som ikkje er i stand til å identifisere seg med folk flest. Den økonomiske eliten i USA fekk gjennomslag for ein økonomisk politikk som la grunnlaget for finanskrisa, ei krise som folk flest må betale for. Framveksten av dei store økonomiske forskjellane har skjedd parallelt med at fagrørsla har fått stadig mindre makt, noko som fører til ytterlegare maktkonsentrasjon hos den rike eliten.

Ideologar på den politiske høgresida hevdar at det ikkje berre er akseptabelt, men nødvendig med store økonomiske forskjellar. Det skaper dynamikk og innovasjon blir det hevda. Men etter finanskrisa er det stadig fleire som set spørsmålsteikn ved denne påstanden. Tidlegare sjef for sentralbanken i USA, Alan Greenspan, er ein av dei. Han sa etter finanskrisa at han hadde overvurdert egoisme som drivkraft for økonomien. Det er også verdt å merke seg at dei landa som har minst økonomiske forskjellar, har klart seg best gjennom finanskrisa.

Når den politiske venstresida argumenterer for meir rettferdig fordeling av goda, så blir vi møtt med at det som er godt for dei rike, er godt for alle. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har fått høyre at det berre er misunning som ligg bak kampen for ein betre fordelingspolitikk. Men i sommar kom boka Ulikhetens pris på norsk, og den set store spørsmålsteikn ved denne retorikken. Her blir det presentert statistikk som viser at dei økonomiske forskjellane betyr meir for livskvaliteten enn det gjennomsnittlege velstandsnivået i eit land.

Forfattarane av boka har sett på indikatorar for helse- og sosiale problem, og vurdert dei opp i mot økonomiske forhold i ulike samfunn og ulike land. Dei dokumenterer at land med små økonomiske forskjellar kjem betre ut enn land med store forskjellar. I land med små forskjellar stolar folk meir på kvarandre, levealderen er lenger, barnedødlegheita er mindre, færre lir av overvekt og valdskriminaliteten er lågare. Det er også større reell valfridom som kjem til syne ved at fleire vel eit yrke som er forskjellig i frå det som foreldra har.

Det er ikkje berre dei med låg inntekt som drar nytte av eit samfunn med små forskjellar. Også dei med middels og høge inntekter kjem betre ut, og det er kanskje noko av det mest overraskande resultatet av dei analysane som er utført. Land og samfunn med små økonomiske forskjellar har gjennomgåande betre helse og mindre sosiale problem i heile folket. Dette viser at små forskjellar ikkje berre er eit moralsk imperativ. Det er den beste samfunnsmodellen for å skape livskvalitet for alle.

Stadig fleire innser at god fordelingspolitikk også er eit viktig grunnlag for verdiskaping og innovasjon. Forsking viser at folk har større tillit til kvarandre og til styresmaktene i land med små forskjellar. Det er eit godt grunnlag for å møte økonomiske utfordringar og gjennomføre nødvendige omstillingar. Ein velutvikla velferdsstat legg til rette for menneskeleg utvikling og skaper tryggleik. Det er viktige pilarar for omstilling og nyskaping. Krisa i Hellas viser korleis det kan gå om ein forsømer fordeling gjennom eit effektivt skattesystem.

Rundt tusenårsskiftet var marknadsfundamentalistane på høgresida i norsk politikk på offensiven, og dei hadde lite til overs for fordelingspolitikk. Velferdsstaten er ein klamp om foten for den dynamiske frie konkurransen, var omkvedet i dei kretsar. No har den internasjonale økonomiske utviklinga gjort det mindre opportunt å stå fram med slike synspunkt, og høgrefolk har begynt å snakke pent om velferdsstaten. Men det blir lite truverdig når dei står for ein politikk for større forskjellar og skattelette for dei rike.

Det er ikkje berre i USA at dei økonomiske forskjellane har auka kraftig. I dei fleste land i Europa har vi ei liknande utvikling. Vanlege folk har også tatt kostnadene for ei finanskrise som blei skapt av finanseliten. Mange stader har dette skapt sosiale konfliktar og eit dårleg utgangspunkt for ei positiv samfunnsutvikling. Noreg skil seg ut ved at dei økonomiske forskjellane ikkje har auka dei siste åra. Dette er eit politisk val som det har stått strid om, og som høgrepartia har kjempa i mot. Om høgresida får kontroll over den økonomiske politikken, har heller ikkje vi noko vern mot forskjellskrisa. Utspela frå den nye høgreordføraren i Kristiansand er eit godt eksempel på det.

Alf

Frå mål til middel

Dette innlegget stod på trykk i Nationen i går.

Som venta er det ulike syn på stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken. Men nokre hovudtrekk går att i kommentarane til den nye landbruksmeldinga. Fleire kommentatorar og aktørar har uttalt at meldinga har mange gode målsettingar, men at det skortar på tiltak som kan realisere desse måla. Eg skal ikkje her drøfte konkretiseringsgraden i meldinga. Derimot vil eg peike på at det no er viktig å diskutere kva tiltak og kva verkemiddel som skal til for å nå dei måla som er presentert. Eg vil også driste meg til å komme med nokre innspel til denne debatten.

Eit av måla i meldinga er at norsk matvareproduksjon så langt som mogeleg skal baserast på norske ressursar. Noreg har avgrensa moglegheiter for kornproduksjon. Dersom vi skal nå dette målet, må vi auke bruken av grovfor og beite til erstatning for import av korn. I dag går utviklinga i motsett retning. Det er ikkje berre gris og kylling som lever av importert kraftfor. Også storfe lever i aukande grad av importert korn. Vi har ikkje tilstrekkeleg insentiv til å utnytte grovforressursane og beitelandet. Derfor må vi endre forholdet mellom kornpris og kostnadene ved å bruke grovfor.

Meldinga legg vekt på å sikre landbruk i heile landet, oppretthalde ein variert bruksstruktur og ta vare på dyrka jord. Med vår topografi inneber det at vi må ta vare på dei små og mellomstore bruka. Skal vi oppnå det, så må vi fjerne verkemiddel som verkar strukturdrivande. Eit slikt verkemiddel er privat omsettelege melkekvotar som Sponheim frå Venstre innførte for å få fart i strukturrasjonaliseringa. Denne ordninga er også med på å trekkje kapital ut av næringa.

I mitt heimfylke, Vest-Agder, er det få heiltidsbønder. Skal vi bevare den dyrka jorda i slike utsette område, må vi legge til rette for kombinasjonsbruk, slik stortingsmeldinga legg opp til. Her må vi utvikle tiltak som stimulerer til fleirsysleri. Når Dyreparken i Kristiansand satsar på lokalt utvikla og lokalt produsert mat, så er det eit eksempel på kva ein kan få til med innovasjon og godt regionalt samarbeid.

I diskusjonen om kjedemakt har eg vore opptatt av å setje fokus på kvalitet og variert tilbod framfor å overfokusere på pris.  Einsidig prisfokus vil ramme både bøndene og arbeidarane i næringsmiddelindustrien og i butikkane. Landbrukssamvirket er ein viktig berebjelke i norsk landbruks- og matpolitikk. Det har i hovudsak hatt fokus på volumproduksjon. No er kanskje tida moden for større produktvariasjon og for nisjeproduksjon. Det er viktig at landbrukssamvirket handterer desse utfordringane både for å auke verdiskapinga og for å styrke sin posisjon.

Dette innlegget er ikkje nokon freistnad på å presentere eit komplett sett av verkemiddel i landbrukspolitikken. Det er eit innspel til debatten om å utvikle verkemiddel som kan bringe oss i retning av dei måla som er presentert i landbruksmeldinga. Dermed er det ikkje sagt av vi skal slutte å diskutere måla. Men når vi diskuterer verkemiddela, så blir vi også betre i stand til å perfeksjonere måla og vise versa.

Og så ønskjer eg alle lesarane ei god jul og eit godt nytt år med friske debattar.

 

Alf

 

Look to Kristiansand

Denne kronikken står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Eg har hatt gleda av å delta i det politiske livet i Kristiansand i tre tiår. Ein del slag har vi tapt, men byen har gradvis utvikla seg i retning av ein romslegare, meir moderne og meir miljøvennleg by. I heile denne perioden har dei borgarlege hatt makt i byen. Men det borgarlege styret som vi no har fått i Kristiansand, har lagt om kursen og sett utviklinga i revers.

Det første den nye maktalliansen gjer, er å skape tvil om framtida for kollektivtransporten i Kristiansandsregionen. SV har jobba aktivt for å få på plass stimuleringsmidlar til byar med ei offensiv kollektivsatsing. Kristiansand er ein av dei byane som har fått mest frå denne ordninga på grunn av ein god søknad til samferdselsdepartementet. Men no har dei nye makthavarane i Kristiansand rota det til slik at regionen kan miste 60 millionar kroner, og kollektivtilbodet kan bli sterkt redusert.

Det blir argumentert med at klimautsleppa frå industrien i Kristiansand har gått ned, og at det derfor ikkje er så farleg om vi aukar utsleppa frå privatbilbruken. Med slike resonnement er det ikkje rart at det er vanskeleg å redusere klimautsleppa og ta vår del av ansvaret for å møte den globale klimautfordringa. Ein skulle tru at ingen i den borgarlege koalisjonen i Kristiansand har høyrt om klimatrusselen og om det klimaforliket som alle partia unntatt Frp har forhandla fram på Stortinget.

I denne saka har tydelegvis Kristiansand handla på eiga hand og ikkje konferert med nabokommunane. Ordføraren i Kristiansand synest å vere meir opptatt av å dra til Oslo for å ha møte med andre høgreordførarar enn av å snakke med ordførarane i nabokommunane om viktige felles utfordringar. For ein del år sidan då eg jobba i nabofylket i aust, stilte eg spørsmål om Kristiansand er raus nok til å vere storebror på Agder. Den gangen var svaret tja. Men med det nye regimet i Kristiansand er eg meir i tvil. Å skape uro om avtaler som er inngått, er heller ikkje det beste utgangspunktet for framtidig samarbeid med sentrale styresmakter.

Noko av det som har utvikla seg mest positivt i Kristiansand dei siste tiåra, er kulturlivet og kulturtilbodet. Vi har etter kvart fått eit allsidig kulturliv med mange ulike fasettar. Kristiansand har gradvis blitt ein meir interessant og spennande by både for oss som bur her og for tilreisande. Mange eldsjeler har lagt engasjement og arbeid i å utvikle nye arenaer for kunst og kultur. Dette er ei utvikling som har sett Kristiansand på kartet både nasjonalt og internasjonalt, og det har hatt positive ringverknader for næringslivet.

Mange høgrefolk er opptatt av at Kristiansand må få status som storby. Eit allsidig og nyskapande kulturliv er nettopp noko av det som gjer Kristiansand til ein romsleg og stor by. Men no vil dei borgarlege budsjettkameratane reversere denne utviklinga og ta midlar frå spennande kulturaktivitetar. Vi var mange som åtvara mot denne utviklinga før valet. Då lova Høgre at dei ikkje ville la Frp få innverknad på kulturpolitikken, så vi må gå ut i frå at det som no skjer, også er Høgre sin kulturpolitikk.

Full barnehagedekning er den største reforma i norsk politikk dei siste åra. Den er viktig for barna, og den er viktig for integrering og for likestilling. Er det nokon landsdel som bør satse på tiltak for betre likestilling, så er det nettopp Agder. Det er snart på tide at Sørlandet kjem seg opp frå botnen av alle likestillingsstatistikkar. Vi har eit stykke att før vi er på eit nivå som vi kan leve med. Derfor er det ekstra uheldig at hovudstaden på Sørlandet går i motsett retning og innfører kontantstøtte for å spare pengar i barnehagesektoren. Det er eit signal vi slett ikkje treng i arbeidet med å ta fatt på dei store likestillingsutfordringane som Agder står overfor.

Økonomisk straff for å vere sjuk er det siste utspelet frå dei nye kostane i rådhuset i Kristiansand. Å kalle det bonus til dei friske endrar ikkje på den kalde realiteten at det skal straffe seg å vere sjuk.  Er det nokon som trur at folk blir friskare av trugsmål? Å ty til slike straffetiltak er eit nederlag for ein arbeidsgivar. Skal ein få ned sjukefråveret, må ein satse på å utvikle eit fysisk og sosialt arbeidsmiljø som gjer at folk held seg friske og kan gå på jobb.

Mange arbeidsgivarar har klart å få ned sjukefråveret ved å vise tillit til dei tilsette og ha tett kontakt om kva som skal til for å skape ein god arbeidsplass. Økonomisk premiering og straff er ikkje det beste verkemiddelet for å skape fellesskap og engasjement om å løyse dei viktige samfunnsoppgåvene som kommunen har ansvaret for. Vi må satse på tillit, fellesskap og eit godt arbeidsmiljø framfor premiering og straff dersom vi skal klare å utvikle ein berekraftig kommunesektor som kan løfte dei store velferdsoppgåvene vi står overfor.

Høgrefolk på Sørlandet klagar ofte over at landsdelen ikkje blir lagt merke til i Oslo. Men eg kan love at den  snuoperasjonen som no pregar Kristiansand, vil bli lagt merke til. I kampen for å få regjeringsmakt argumenterer dei borgarlege partia ofte med at Frp ikkje skal få innverknad på kulturpolitikken og den økonomiske politikken, men det er ikkje lenger truverdig. Kristiansand er eit godt eksempel på kva som skjer når vi får eit blåblått styre der dei borgarlege har makt i allianse med Frp.

Alf

SMB-politikk for landbruket

Dette innlegget står på trykk som gjestekommentar i Nationen i dag.

Eg vaks opp på ein liten gard på Vestlandet. Far min reiste på anleggsarbeid og sildefiske for å få endane til å møtast. I tillegg dreiv vi laksefiske og anna fjordfiske. Dette er ei form for kombinasjonsdrift som har lange tradisjonar i norsk landbruk. Skal vi nå dei måla som det synest å vere brei semje om i landbruksdebatten, så er dette ei driftsform som vi må legge til rette for også i framtida.

Landbruk over heile landet er eit sentralt mål for norsk landbrukspolitikk. Eit aktivt landbruk legg også grunnlag for andre aktivitetar og er ein viktig føresetnad for å oppretthalde levande bygder. Men dersom vi skal få dette til, må vi ta vare på dei små og mellomstore bruka. I næringspolitikken snakkar vi om at det er viktig å utvikle ein politikk for små og mellomstore bedrifter, SMB-ar. Vi treng også ein landbrukspolitikk for små og mellomstore bruk, ein SMB-politikk for landbruket.

Eg representerer Vest-Agder på Stortinget. I dette fylket har vi stor overvekt av kombinasjonsbruk der inntekta frå bruket må kombinerast med andre inntekter. Dersom vi skal oppretthalde landbruket i dette og mange andre fylke, så må vi legge til rette for kombinasjonsbruk. Vi må oppgradere statusen til det å drive ein gard i kombinasjon av anna inntektsbringande arbeid.

I det fylke der eg vaks opp, og i det fylket eg representerer på Stortinget, ligg topografien dårleg til rette for strukturrasjonalisering i landbruket. Det blir raskt mykje forbruk av dekk og diesel dersom ein skal slå saman mange bruk eller satse stort på leigejord. På eit seminar om landbruket i Vest-Agder var det ein bonde som oppsummerte situasjonen slik: Det hjelp lite om eg får leigd meir jord dersom eg blir den siste bonden i bygda. Då kan det lett bli eit tynt fagmiljø og litt trasig for oss som er att.

Landbruksorganisasjonane har lagt vekt på å auke produksjonen av mat. Skal vi klare det, må vi ta vare på den dyrka jorda. Kampen for å bevare matjorda må førast på mange frontar. Det er viktig å hindre at den blir bygd ned når byar og tettstader ekspanderer og vegprosjekt skal realiserast. Men den største avgangen av dyrka jord har vi ved at den går ut av produksjon.

Med den topografien vi har her i landet, må vi legge til rette for SMB-ane, dei små og mellomstore bruka, dersom vi skal bevare den dyrka jorda. Ein aktiv produktiv bonde som brukar halvparten av si arbeidskraft på bruket, bør få same respekt som dei som driv større. Eit deltidsbruk kan også vere eit viktig springbrett for å utvikle anna næringsverksemd i bygda.

Landbruket som andre næringar har i ein periode blitt fanga av retorikken om at større einingar fører til auka produktivitet. Det kan vere riktig i ein del tilfelle, men det er ikkje ei naturlov som gjeld generelt. Ein del av den strukturrasjonaliseringa vi har sett i landbruket, skuldast sterke samfunnstrendar. Men det har også vore ein villa politikk med verkemiddel som fremmar denne utviklinga. Sponheim si innføring av privat omsettelege melkekvotar er eit eksempel. Mange rådgivarar sitt fokus på å bygge store driftsbygningar er eit anna.

Dersom vi skal behalde matjorda og levande bygder, er det på tide å få eit bevisst forhold til kor viktig dei små og mellomstore bruka er for å nå våre landbrukspolitiske mål. Når landbruksmeldinga kjem, så vil vi finne mange målformuleringar som vi vanskeleg kan oppfylle utan SMB-ane i landbruket. Derfor er det viktig at vi også innrettar dei konkrete verkemiddela slik at vi tar vare på SMB-ane og deira plass i ein heilskapleg landbrukspolitikk

Alf

Erna Solberg – ein trussel mot industrien

Dette innlegget står på trykk i Klassekampen i dag.

Skal vi utvikle europeisk industri må vi ta større klimakutt innanlands sa klimakommisæren i EU, Connie Hedegaard, på klimakonferansen til ZERO nyleg. Dersom vi tar alle kutta i utlandet, vil den teknologiske utviklinga komme der, og europeisk industri vil miste sit teknologiske forsprang og si konkurranseevne, sa ho. Dette er ei erkjenning som gradvis er i ferd med å trenge inn også i den norske debatten.

God klima- og miljøpolitikk er god næringspolitikk. Alternativet til ein offensiv klimapolitikk kan bli eit avindustrialisert Noreg når oljealderen går mot slutten. Norsk industri er avhengig av å vere heilt i front teknologisk for å vere konkurransedyktig. Då industrien møtte strenge miljøkrav i sytti- og åttiåra, var det mange som spådde at den ville bukke under. Men bedriftene møtte ufordringane med offensiv teknologiutvikling, og resultatet blei styrka konkurransekraft i tillegg til betre miljø.  No står vi overfor eit nytt stort teknologisprang. Jo lenger vi ventar med å møte denne utfordringa, jo større er faren for at andre går forbi oss.

Det er ikkje berre klimakommisær Hedegaard som har innsett at vi må møte klimautforringane med innanlandske kutt og ei offensiv satsing på teknologiutvikling. Norsk Industri med Stein Lier-Hansen i spissen har komme med liknande synspunkt. Bransjeorganisasjonen ønskjer eit klimatiltaksfond og forpliktande samarbeid med styresmaktene for å  møte utfordringane med teknologisk innovasjon. Mange i fagrørsla er også opptatt av at vi må få på plass eit klimatiltaksfond  dersom norsk industri skal ha ei lys framtid. I tillegg til å redusere utsleppa, må vi ta posisjonar i den veksande marknaden for miljøteknologi. I EU er det i følgje klimakommisær Hedegaard skapt tre hundre tusen jobbar innan miljøvennleg energi og miljøteknologi dei fem siste åra. Vi må vere med på denne utviklinga. Det er for seint å hoppe på denne vogna når oljealderen er over.

Klimakommisær Connie Hedegaard var opptatt av at det er viktig å ha klare mål for å få til nødvendig omstilling og utvikling. Høgreleiar Erna Solberg, som også deltok på ZERO-konferansen, hadde det motsette utgangspunkt. Ho er i mot å setje mål for klimakutt i oljesektoren og industrisektoren. Dette er ikkje berre ein trussel mot klimaforliket. Det kan også bli ein trussel mot nødvendig omstilling og teknologiutvikling i industrien.

Norsk oljeindustri er i internasjonal verdsklasse, og den har ein dominerande plass i norsk økonomi. Det er viktig å ha ein allsidig industri som gjer oss mindre sårbare, og som kan ta i bruk kompetanse frå oljesektoren når oljealderen går mot slutten. Dersom industrien blir borte, vil mange av våre forskingsmiljø og kompetansetunge spesialbedrifter forsvinne. Vi kan også miste vår evne til å utvikle klimavennleg teknologi som kan bidra til kutt i andre land. God klimapolitikk og framtidsretta industripolitikk er to sider av same sak. Når Erna Solberg sår tvil om klimasatsinga, er det ikkje berre ein trussel mot miljøet. Det er også ein trussel mot eit framtidsretta næringsliv og arbeidsplassar.

Alf