Enkelte innlegg i Stortinget

holmeliaInnlegg i debatten om jordbruksoppgjeret 2013.

President
Jordbruksforhandlingane og hovudavtalen for jordbruket er viktige berebjelkar i norsk landbrukspolitikk, og forhandlingsinstituttet gir organisasjonane makt og ansvar. Årets jordbruksavtale som blei signert av begge landbruksorganisasjonane og staten, legg grunnlaget for ei positiv utvikling i norsk jordbruk.

Stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken ligg til grunn for forhandlingane i år. Sentrale mål i landbruksmeldinga er mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Meldinga legg opp til auka matproduksjon, samtidig som den legg stor vekt på bruk av nasjonale ressursar som grovfor og beite. Landbruket er også ein viktig leverandør av mange samfunnsgode, og det er basisen for mange lokalsamfunn kring om i landet.

Inntektsutviklinga har vore eit sentralt element i jordbruksforhandlingane dei siste åra. Partane er samde om at inntektsutviklinga dei siste åra har vore i samsvar med føresetnadene i oppgjera. Avtalen i år gir grunnlag for ein inntektsvekst på 31000 kroner pr. årsverk. Ein del av inntektsveksten kjem frå auke i målpris. Dei tolljusteringane som blei gjennomført i samband med statsbudsjettet for 2013, er ein viktig føresetnad for denne inntektsauken.

Ei god inntektsutvikling også i åra som kjem er viktig for å nå målsettingane i landbrukspolitikken. Det er viktig for å sikre rekrutteringa til landbruket, og det er viktig for å oppretthalde dyrka areal og matproduksjon.

I landbruksmeldinga blei det peika på at vi står overfor store utfordringar i deler av Agder/Telemark, kyst- og fjordstrøka på Vestlandet, Nord-Norge og fjellområda i Sør-Norge. Partane i jordbruksoppgjeret har i år blitt samde om å setje ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på korleis vi kan målrette verkemiddel mot bruk eller område med spesielle driftsulemper. Det gjeld for eksempel bratt areal, små teigar eller kantsoner. SV ser fram til at dette resulterer i konkrete forslag som kan bidra til at areal med spesielle driftsulemper blir haldne i drift. Det er viktig for å oppretthalde ein variert bruksstruktur og eit aktivt landbruk over heile landet.

Landbruksmeldinga la vekt på matproduksjon basert på nasjonale ressursar som grovfor og beite. Det er god ressursutnytting, og det er viktig for å gjere oss mindre avhengig av importert for. Derfor har regjeringa dei siste åra styrka den grasbaserte husdyrproduksjonen. I år er partane samde om å auke tilskot til beite og til utmarksbeite. SV er opptatt av å legge til rette for auka bruk av grovfor og beite.

Matkjedeutvalet dokumenterte ein sterk maktkonsentrasjon på distribusjonsleddet og detaljleddet. I tillegg har vi ofte sterk vertikal integrasjon. Dette kan true landbrukssamvirket og marknadsreguleringa som er ein viktig del av den norske landbrukspolitikken. Matkjedeutvalet tilrådde blant anna å etablere ei lov om god handelsskikk. Regjeringa sette ned eit lovutval som samrøystes foreslår ei slik lov. Det er viktig å følgje opp dette arbeidet for å redusere dei uheldige utslaga av sterk maktkonsentrasjon.

 Presedent
Opposisjonspartia brukar stor plass på å kritisere landbrukspolitikken til regjeringspartia. Men dei burde kanskje sjå litt på kvar andre. Det er interessant, men også urovekkjande, å registrere det voldsame spriket mellom regjeringspartia på dette spørsmålet.

KrF legg seg tett opp til regjeringspartia i sin politikk. Men Framstegspartiet held fram med sin raseringspolitikk. Dei kuttar dramatisk i overføringane og vil i tillegg svekke tollvernet. Med ein slik politikk vil distriktslandbruket forsvinne, og vi vil få eit sentralisert landbruk basert på importert for. Dermed vil den reelle sjølvbergingsgraden bli sterkt redusert.

Men ikkje nok med det. Når bøndene flyttar frå ei bygd, kan heile bygda bli avfolka. Med ein slik landbrukspolitikk vil Framstegspartiet forandre norgeskartet.

Høgre har som vanleg i denne valkampen ein meir utydeleg politikk, men den trekkjer i same retning som Framstegspartiet. Det skal bli tungt for KrF å halde igjenn.

Det er ikkje tvil om at eit regjeringsskifte vil forverre forholda for landbruket og distriktspolitikken. Eg er redd Framstegspartiet vil vise handlekraft her.

 Alf

———————————————————————————————-

Innlegg i debatten om budsjetta under næringskomiteen, 12. desembr 2012


President
Europa er framleis i økonomisk krise. Arbeidsløysa er dramatisk, og vi er i ferd med å miste ein heil ungdomsgenerasjon. Men her i landet er situasjonen ein heilt annan. Vi har låg arbeidsløyse, og det blir skapt nye arbeidsplassar kvar einaste dag. Ein offensiv og framtidsretta næringspolitikk bidrar til dette. Suksessen i norsk næringspolitikk bygger på to viktige søyler:

  • Ei brei satsing på kompetanse som ein viktig del av den norske velferdsmodellen
  • Ein offensiv og framtidsretta miljøpolitikk

Eit av konkurransefortrinna i norsk næringsliv er kompetente og sjølvstendige arbeidstakarar på alle nivå i organisasjonen. Norske arbeidstakarar er flinke til å arbeide sjølvstendig, og til å ta initiativ på tvers av fagområde. Den offentlege fellesskolen er basisen for denne verdifulle kompetansen. Derfor er det gledeleg at resultata i skolen har blitt betre under denne regjeringa.

President
Samspel mellom kunnskapsmiljø og næringslivet er ein viktig føresetnad for eit dynamisk og innovativt næringsliv. SV er opptatt av å styrke samarbeidet mellom næringslivet og universitet og høgskolar. Klyngesamarbeid mellom store og små bedrifter og forskingsmiljø har i mange tilfelle vist seg å fungere svært godt.

Derfor er det gledeleg at ein samla komite ønskjer å bygge vidare på desse erfaringane. Målet må vere å utvikle klynger på internasjonalt toppnivå på utvalde område. Vi ser fram til eit godt samarbeid mellom Innovasjon Norge, næringsliv og akademia for å vidareutvikle støtteordningar for klyngearbeid.

Men opposisjonen har ei underleg formulering i sin merknad om klyngesamarbeid. Dei meiner å vite at dette er eit tiltak som ikkje er i samsvar med raudgrøn politisk tenking. Det er vel nettopp raudgrøne politikarar som har tradisjon for å tenkje samarbeid. Og Framstegspartiet kuttar i sitt alternative budsjett på «Nasjonale tiltak for regional utvikling» som går nettopp til dette klyngesamarbeidet. Dei skuldar regjeringspartia for å mangle hjarte for klyngesamarbeid, samtidig som ei sjølve kuttar i støtta. Dette er ein type dobbeltkommunikasjon vi ser mykje av frå opposisjonen for tida.

Eit anna område som er viktig for innovasjonen i næringsliv, er overgangen frå forsking og utvikling til fullskalaproduksjon. Vi har mange ordningar som kan støtte opp om forsking og utvikling. Men når det kjem til industrialisering, så stoppar det ofte opp. Det er krevjande å finne midlar til pilotfasen. Derfor er det gledeleg at SIVA har fått utvida sin eigenkapital med 250 millionar kroner slik at dei blant anna kan bidra til industrielle pilotar.

President
SV har alltid hevda at god miljøpolitikk er god næringspolitikk, og det er stadig fleire som støttar dette synet. Miljøkrav kombinert med støtteordningar har medverka til at Noreg er teknologisk leiande på mange område. Det gjeld blant anna prosessindustrien som eg har erfaring i frå. Utan eit skikkeleg miljøløft på åttitalet, hadde vi knapt hatt ein prosessindustri i Noreg i dag. Nyleg uttalte også oljeteknologinæringa at strenge miljøkrav var ei viktig årsak til at dei er verdsleiande på teknologi.

No er det oppdrettsnæringa som står overfor store utfordringar når det gjeld miljø og berekraft. Dette er ei ung næring som har vakse svært raskt. Skal næringa utvikle seg vidare, er det viktig å ha eit effektivt forvaltningsregime som stiller strenge krav til berekraft. Det er behov for meir kunnskap og offensiv teknologiutvikling . Regjeringa har derfor tildelt grøne konsesjonar der det blir stilt ekstra strenge krav til miljø og berekraft. Dei grøne konsesjonane er ein viktig føresetnad for å skape ei berekraftig næring.

——————————————————————————————–

254326_1894465555757_1065101434_31781809_6665618_nInnlegg i finansdebatten 27.11.2012

President
Miljø og solidaritet er grunnlaget for SV sin politikk. Der høgrepartia vil ha skattelette for dei rike, der vil vi ha velferd. Der høgrepartia vil kutte i verdas mest effektive klimatiltak, der vil vi stå på i klimakampen. 

Miljø og solidaritet er også det beste grunnlaget for verdiskaping og næringsutvikling. SV har lenge hevda at god miljøpolitikk er god næringspolitikk. Vi har møtte mykje motstand mot dette synspunktet. Men no er det i ferd med å bli allment akseptert. 

For ei tid sidan kunne vi lese over heile framsida i Fædrelandsvennen at strenge miljøkrav er ei av årsakene til norsk industri klarer seg så godt. Og det er næringa sjølv som uttaler det.  Strenge miljøkrav kombinert med støtteordningar har ført til omstilling og teknologiutvikling. Resultatet er at vi har ein industri som er teknologisk leiande på mange område.

Med klimateknologifondet fører vi denne politikken vidare. I neste veke skal eg besøkje Alcoa på Lista der dei utviklar ein ny aluminiumsprosess med offentleg støtte. Og nyleg fekk Elkem i Kristiansand og i Salten fleire hundre millionar for å satse på energiøkonomisering. Dette vil styrke konkurransekrafta og utvikle teknologi for ein internasjonal marknad. 

President
Solidaritet er eit viktig element i den norske samfunnsmodellen som har klart seg godt gjennom finanskrisa. Kompetanse på alle nivå i organisasjonen og sjølvstendige arbeidstakarar er eit av dei viktigast konkurransefortrinna i norsk næringsliv. Og det er den offentlege fellesskolen som legg grunnlaget for denne kompetansen.  

Norsk næringsliv har vist seg omstillingsdyktig. Gode trygdeordninga og ein sterk velferdsstat er ei av årsakene til dette. Velferdssamfunnet vårt gjer det lettare både for den enkelte og for bedriftene å takle krevjande omstillingar.  

Høgrepartia bryt ned samfunnssolidariteten med eit skattesystem som gjer rikingar til nullskatteytarar. Og når dei bryt ned samfunnssolidariteten, rammar dei vår konkurranseevne og vår evne til verdiskaping. 

President
Næringspolitikk er meir enn skattelette. Næringspolitikk må bygge på miljø og solidaritet.

Alf

Velfungerande velferdsstat og offensiv miljøpolitikk er moderne næringspolitikk
Trontaledebatten 4. oktober 2012 

President

Mange har peika på at det går godt i norsk næringsliv og norsk økonomi. Høgrepartia snakkar om at vi er i ein heldig situasjon, og prøver å underslå at det er resultat av politiske val. 

Eg vil bruke tida mi til å snakke om dei sentrale politiske vala som har brakt oss dit vi er i dag, og om korleis vi skal komme vidare.

To viktige politiske strategiar har skapt grunnlaget for eit moderne og konkurransedyktig næringsliv. Vi har satsa på ein velutvikla velferdsstat og ein offensiv miljø- og klimapolitikk.

Det blir ofte sagt at vi må skape for å dele, og det er riktig. Men vi må også dele for å skape. Vi må ha eit skattesystem og eit skattenivå som kan oppretthalde det velferdssamfunnet som eit moderne næringsliv er heilt avhengig av.

  • Velkvalifiserte arbeidstakarar på alle nivå i organisasjonen er eit av dei viktigaste konkurransefortrinna i norsk næringsliv. Det er velferdsstaten som utdannar denne arbeidskrafta. Når eg snakkar med leiarar i næringslivet er tilgang på kvalifisert arbeidskraft noko av det første dei tar opp.
  • Vi har høg yrkesdeltaking blant kvinner her i landet. Det kjem av at vi har satsa på full barnehagedekning og gode permisjonsordningar. Alle kan bruke si arbeidskraft og sin kreativitet
  • Og sist men ikkje minst så har vi fleksibilitet og omstillingsevne fordi vi har gode offentlege trygdeordningar

Det andre sentrale elementet i næringspolitikken er ein offensiv miljøpolitikk. God miljøpolitikk kan vere god næringspolitikk og god næringspolitikk kan vere god miljøpolitikk.

Eg jobba i prosessindustrien på åttitalet då industrien fekk mange nye miljøkrav. Mange hevda desse krava ville ta knekken på industrien, og protestane var omfattande. Men næringslivet tok utfordringa og staten støtta opp.

Det blei satsa offensivt på teknologiutvikling for å redusere utsleppa frå bedriftene. I tillegg til å betre miljøet, førte dette til reduserte kostnadene og betre produktkvaliteten.

Norske bedrifter blei teknologisk leiande og fekk styrka si konkurranseevne. Vi hadde knapt hatt ein prosessindustri i Norge i dag dersom vi ikkje hadde ført ein offensiv miljøpolitikk og vore tidleg ute med miljøkrav kombinert med støtteordningar.

I tillegg til å styrke prosessindustrien, fekk vi utvikla ein ny bransje som satsa på miljøteknologi. Det er ein marknad som er i vekst og som har redda mange bedrifter som har mist sine tradisjonelle marknader.

Ein velutvikla velferdsstat og ein offensiv miljøpolitikk har skaffa oss eit konkurransedyktig næringsliv og dette må vi ta vare på. Å basere ein næringspolitikk einsidig på skattelette og avgiftslette kan nok vere positivt for enkelte på kort sikt. Men det riv grunnlaget vekk under den velferdsstaten som næringslivet treng, og er svært kortsiktig.

———————————————————————————————-

Norsk mat med norske ressursar

Innlegg i dabatten om stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikk 12. april 2012

President

FN sin matvareorganisasjon, FAO, har uttalt at vi må ha ein kraftig vekst i verdas produksjon av mat dei neste tiåra. I følgje prognosane må vi produsere 70% meir mat i 2050 enn i dag. Samtidig står vi overfor ei klimakrise som kan skape tørke og ramme matvareproduksjonen på deler av kloden. Knappheit på mat fører til auka prisar, og det rammar først og fremst dei fattigaste.

SV er glad for at landbuks- og matmeldinga har eit ambisiøst mål for å auke matvareproduksjonen her i landet. Det legg grunnlaget for ein offensiv landbrukspolitikk til beste for bonden, distrikta og forbrukarane.

Men dersom vi skal sjå det i ein global samanheng, så må vi også sjå på netto sjølvforsyningsgrad der vi korrigerer for import av for. Å auke matvareproduksjonen  basert på importert for, bidrar ikkje til den globale matvaresituasjonen, og det kan føre til eit sentralisert jordbruk her i landet.

SV er derfor glad for at fleirtalet i komiteen vil følgje opp forholdet mellom norskprodusert for og importert for. Fleirtalet ber Budsjettnemnda for jordbruket om å overvake dette forholdet. Det vil føre til eit sterkare fokus på berekraftig norsk matvareproduksjon basert på norske ressursar som grovfor og beite.

Bruk av norske ressursar som grovfor og beite er viktig i eit globalt perspektiv. Men det er også viktig for distriktslandbruket, og for å sikre landbruk over heile landet. Skal vi oppretthalde distriktslandbruket, er det viktig å ha støtteordningar som gjer det lønsamt å bruke grovfor og beite. Det er desse nasjonale ressursane som legg grunnlag for landbruk over heile landet.

SV er glad for at landbruksmeldinga styrker distriktsprofilen i landbrukspolitikken. Noreg er eit mangfaldig land med varierande forhold for jordbruk. Derfor er det positivt at meldinga legg opp til eit større regionalt handlingsrom, slik at dei ulike regionane kan utvikle seg i samsvar med regionale forhold.

Meldinga legg også opp til at det skal satsast spesielt i område der utvilklinga er særleg bekymringsfull. Det gjeld deler av Agder og Telemark, kyst og fjordstrøk på Vestlandet, Nord-Noreg og fjellområda på austlandet. Det er viktig å satse på desse områda blant anna for å hindre at dyrka mark går ut av produksjon.

Skal vi hindre at dyrka mark blir lagt brakk, er det også viktig å ta vare på dei små og mellomstore bruka som ofte er kombinasjonsbruk. Mange stader er topografien slik at det ikkje ligg til rette for stordrift. Det kan lett generere mykje transport. Derfor er det viktig å ha støtteordningar som gjer det interessant å drive små og mellomstore bruk, slik at vi held dyrka mark i hevd og opprettheld busetnaden i distrikta.

Det er også viktig å hindre at produktiv mark i sentrale strøk blir bygd ned. I dag ser vi altfor ofte at jordvernet må vike til fordel for motorvegar, bilbasserte kjøpesenter og bustadområde. Bilen og dei bil-baserte kjøpesentra får forkøyrett.  SV er glad for at meldinga legg opp til å styrke jordvernet gjennom en meir aktiv bruk av verkemidla i plan- og bygninglova. Det er viktig at dette blir følgt opp mede konkrete tiltak.

Økologisk produksjon er ein viktig del av jorbruket. Økologisk jordbruk bidrar til auka kunnskap, og det påverkar det konvensjonelle jordbruket slik at det blir meir miljøvennleg. Økologiske produksjonsmetodar bidrar til å ivareta det biologiske mangfaldet og til å utvikle alternativ til kjemiske sprøytemiddel.  Økologisk landbruk bidrar også til å auke mangfaldet i tilbodet til forbrukarane.

SV er derfor glad for at regjeringa vil oppretthalde målet om 15% økologisk produksjon. Det er positivt at fleirtalet i komiteen peikar på offentleg innkjøp som eit virkemiddel for å nå dette målet.

Næringsmidelindustrien er uløyeleg knytt til jordbruket. Norsk jordbruk og matvareindustri utgjer den største vareproduserande verdikjeda i fastlandsnoreg. Jordbruket og matvareindustrien er gjensidig avhengige av kvarandre, og det er viktig å sikre konkurransekraft i heile verdikjeda. Det er også viktig å ha sunne forretningsmessige forhold i verdikjeda heilt fram til forbrukar. Derfor er det viktig å følgje opp forslaga i matkjedeutvalet si innstilling.

Matvareproduksjon står sentralt i landbruks- og matmeldinga. Men vi skal ikkje gløyme at landbruket produserer meir enn mat. Det skaper levande bygder, og det skaper livskvalitet for fellesskapet. Landbruket legg også grunnlag for anna næringsverksemd som reiseliv og tenesteyting forøvrig. Mange lokalsamfunn hadde ikkje eksistert utan jordbruket.  Landbruk i heile landet sikrar busetnad i heile landet.

Det er grunn til å vere uroa over rekrutteringa til landbruket. Det viktigaste tiltaket for å sikre rekruttering, er å skape ei god inntektsutvikling som kan motivere dei unge til å gå inn i næringa. Men her som i andre næringar er også utdanning viktig. Derfor må vi gjennomgå landbruksutdanningane og gartnarutdanningane på vidaregåande nivå. Det er også grunn til å sjå på kompetansebehovet i matvareindustrien som stadig blir meir teknisk avansert.

Norsk landbrukspolitikk bygger på tre sentrale element
– importvernet
– jordbruksavtala
– eit sterkt landbrukssamvirke og med ansvar for marknadsregulering

Alle desse sentrale berebjelkane går Høgre og Framstegspartiet til angrep på. I tillegg har vi i budsjettbehandlingane sett at dei vil ta store kutt i overføringane. Framstegspartiet vil kutte med 7 milliardar, som er ei halvering, og Høgre vil kutte eit par milliardar.

Det går eit klart skilje i norsk landbrukspolitikk mellom regjeringa på den eine sida, og Høgre og Framskrittspatiet på den andre. Høgrepartia vil rive vekk grunnlaget for den norske landbrukspolitikken.  Høgre og framstegspartiet har ulik dosering av sin liberalistiske politikk, men retninga er den same. Det vil føre til sviktande inntekter for bonden, og rasering av distriktslandbruket.

Kristeleg folkeparti har for det meste falt ned på regjeringspartia si side i landbrukspolitikken. Det er bra, for det er viktig for landbruket at flest mogeleg sluttar opp om ein aktiv landbrukspolitikk slik det er lagt opp til i landbruksmeldinga.

Kristeleg folkeparti har slått på stortromma i forbindelse med forhandlingane med regjeringspartia om landbruksmldinga. Det er bra for bøndene at Kristeleg folkeparti viser sterkt engasjement for landbruket. Men det er resultata som tel.

Resultata var ikkje så overvettes gode då Kristeleg folkeparti sat i regjering. Og det er liten grunn til å tru dei blir betre i eit eventuell ny høgreregjering. Det er berre ei raudgrøn regjering som kan levere ein landbrukspolitikk etter dei liner som KrF ønskjer. Det bør partiet ta inn over seg enten dei likar det eller ikkje.

Dele for å skape
Innlegg om fordelingspolitikk 29.03.2012

 President
For to år lanserte NHO med høgremannen Bernander slagordet Velferdsfella. Dette slagordet spreiar ei falsk myte om at moderate forskjellar og ein god velferdsstat er ein trussel mot verdiskaping og innovasjon.

H, V og KrF bidrar til den same feilaktige myta når dei i innstillinga her i dag hevdar at regjeringa satsar for sterkt på fordelingspolitikk i skattepolitikken. Men dette er å sette saka fullstendig på hovudet. Det er nettopp fordelingspolitikken som har skapt den nordiske modellen som har klart seg svært bra også når det gjeld produktivitet og verdiskaping

Det er dei moderate forskjellane og det egalitære samfunnet som gjer at vi har ein effektiv arbeidsstokk.  Sjølvstendige arbeidarar og godt samarbeid mellom arbeidsfolk på alle nivå i organisasjonen er eit av våre konkurransefortrinn. Moderate forskjellar i samfunnet skaper sjølvstendige menneske og sjølvstendige arbeidarar som er i stand til å ta sjølvstendige avgjerder. Det er blant anna grunnlaget for den sterke posisjonen vi i dag har i offshore-næringa.

Ein effektiv velferdsstat er også eit godt grunnlag for innovasjon. Det frigir engasjement til å våge å satse og kaste seg ut på djupt vatn. Velferdsstaten har også gjort det mogeleg for langt fleire å delta i innovasjonsarbeid. For eit par år sidan deltok eg i ein debatt med Erna Solberg, Trine Skei Grande. Ein av innleiarane var årets kvinnelege gryndar. Ho hadde eit hovudpoeng som få hadde venta, nemleg at utan barnehage så hadde ho ikkje stått der som årets gryndar.

No er det på tide at vi gravlegg omgrepet velferdsfella og begynner å snakke om velferdsspringbrettet. Ein aktiv fordelingspolitikk også i skattepolitikken, er ein viktig del av grunnlaget for innovasjon og verdiskaping.

Vi må dele for å skape.

—————————————————————————————-

Innlegg om GMO i interpellasjonsdebatt i Stortinget 19.03.12

Først vil eg takke representantet Rigmor Eide for å ta opp ei viktig og svært alvorleg sak. Å manipulere med genane i levande organismar kan få store konsekvensar for livet på jorda. I dag har vi lite oversikt over langtidskonsekvensane av det som no er i ferd med å skje. Noreg har vore eit føregangsland i arbeidet for å sikre ei miljømessig berekraftig utvikling. Derfor er det viktig at vi vidarefører den restriktive linja vi har lagt oss på i spørsmålet om GMO.

Når vi veit så lite om langstidskonsekvensane, må vi ha svært gode grunnar til å akseptere genmodifiserte organismar, og vi må vere heilt sikre på at det vi gjer, er berekraftig og etisk forsvarleg. Naturen er komplisert, og det tar ofte lang tid før konsekvensane av slike alvorlege inngrep blir synlege.

Det er dei store internasjonale såkornprodusentane som pressar fram utviklinga av GMO for å få kontroll over verdas kornproduksjon. Dei har spesielt satsa på å utvikle korn som tåler giftige sprøytemiddel. Eit av dei kornslaga som ein ønskjer innført til Noreg, er modifisert for å tåle eit sprøytemiddel som er så giftig at det ikkje er tilletne her i landet. Det kan vel knapt seiast at det er tungtvegande argument for å tillate slike produkt .

Også GMO for å auke bruken av mindre giftige sprøytemiddel har store negative langtidsverknader. Næringskomiteen var sist veke på besøk i Brasil Der fekk vi innblikk i industriell produksjon av soya og korn. Det blei blant anna vist til at ein del produsentar no går bort i frå GMO. Den sterke auken i bruk av sprøytemiddel har vist seg å vere skadeleg for jorda på lengre sikt. For ikkje å øydelegge jorda, har ein gått tilbake til såkorn som er foredla på normal måte.

Etter norsk lov skal kvart enkelt GMO vurderast med omsyn på miljø- og helse. I tillegg er etiske forhold, berekraft og samfunnsnytte sjølvstendige vurderingskriterium. Bioteknologinemnda meiner at dei GMO-ane som no er til vurdering, ikkje oppfyller krava i genteknologilova.

Ingen GMO-ar er i dag godkjent for bruk i Noreg. I Soria Moria er det slått fast at vi skal vidareføre denne restriktive linja. Her er vi i godt selskap med ei rekke andre land. Mange land har vedtatt eit fullstendig moratorium for GMO.

Enkelte har uttrykt uro over  at vi kan komme i konflikt med WTO. Det forholdet at fleire andre medlemmar av WTO har strenge restriksjonar, blant anna moratorium, er ein god indikasjon på at det er mogeleg å halde fram med vår restriktive politikk. Det er viktig å ha med seg at etikk, berekraft og samfunnsnytte i følgje norsk lov er sjølvstendige vurderingskriterium i tillegg til miljø- og helsefare.

Alf

19.01.12
Innlegg etter orienteringa frå Trond Giske om kommunikasjonen med Telenor om sal av TV2

President

Eg vil takke statsråden for ein grundig og nøktern gjennomgang av denne saka. Den har rydda vekk grunnlaget for spekulasjonar om kva som har skjedd. Den har også vist at næringsministeren har handtert denne saka med basis i dei prinsippa som gjeld for staten sitt eigarskap.

For eit halvt år sidan behandla vi stortingsmeldinga om statleg eigarskap, og det var brei semje i Stortinget om hovudtrekka i meldinga. Eit sentralt element i meldinga er prinsippet om eit aktivt statleg eigarskap. Dette er  omtalt fleire stader i meldinga. Vi finn blant anna følgjande formulering:

”Rammene omkring eierstyring er ikke til hinder for at staten, som andre aksjonærer, i møter tar opp forhold som selskapene bør vurdere i tilknytning til sin virksomhet og utvikling. De synspunkter staten gir uttrykk for i slike møter, er å betrakte som innspill til selskapets administrasjon og styre.”

Det er nettopp dette næringsministeren har gjort. Han har gitt uttrykk for synspunkt overfor styret, samtidig som han har sagt at det ikkje er nokon instruksjon.

SV er opptatt av at vi skal ha eit aktivt statleg eigarskap. Vi som disponerer fellesskapet sine ressursar, har eit stort ansvar for å følgje med på at dei blir forvalta på ein god måte. Derfor ser SV positivt på at regjeringa utøver eit aktivt eigarskap innafor dei rammene som gjeld. Vi oppfattar at det er det ministeren har gjort i denne saka.

SV og dei andre regjeringspartia er opptatt av nasjonal forankring av nøkkelbedrifter. Det går fram av eigarskapsmeldinga som fekk brei støtte i Stortinget. Ønsket om nasjonal forankring gjeld ikkje minst mediebedrifter som TV2. Mediebedrifter har eit formål utover det kommersielle. Dei  er viktige for den demokratiske samtalen i det offentlege rom, og for formidling av vår kultur.

Det er naturleg at slike synspunkt blir formidla til leiinga i Telenor, slik at dei kan vurdere om desse omsyna kan foreinast med dei forretningsmessige interessene til selskapet.

Regjeringa blir ofte kritisert for å vere for lite aktiv som eigar. Sist skjedde det for nokre dagar sidan då Riksrevisjonen som er Stortinget sitt eige organ, la fram si innstilling. Her blei regjeringa kritisert for at den har utøvd for passivt eigarskap. Det viser kor viktig det er å følgje opp eigarskapsmeldinga når det gjeld aktivt eigarskap.

I juni 2009 behandla Kontroll- og konstitusjonskomiteen transaksjonane mellom Aker og Aker Solutions. Då uttalte ein samla komite følgjande:
” Komi t e e n vil videre understreke nødvendigheten av at staten som eier, på linje med andre industrielle eiere, deltar aktivt og tydelig med klare, velbegrunnede og selvstendige standpunkter knyttet til større strategiske industrielle disposisjoner i selskapet.”

Salet av TV2 er etter vår vurdering ein større strategisk disposisjon. Eit samla storting har sagt i frå om at regjeringa skal delta aktivt og tydeleg i slike saker.

Aktivt eigarskap er ein berebjelke i eigarskapspolitikken til SV og til den raudgrøne regjeringa, slik det går fram av eigarskapsmeldinga. Gjennomgangen her i dag viser at næringsministeren har følgt opp desse føringane i sin kommunikasjon med Telenor.

———————————–

 Her  er innlegget mitt i budsjettdebatten for Næringskomiteen 14.12.11 

President

Vi står overfor ein turbulent internasjonal situasjon. Dagleg får vi informasjon om krise i Euro-området. På tross av ei rekke redningsaksjonar er situasjonen framleis uklar.

Gjennom ein ansvarleg økonomisk politikk og ein offensiv næringspolitikk har Noreg unngått å komme i same situasjonen som mange EU-land. Men vi har ein open økonomi,  og vi må rekne med at problema i Europa kan nå oss også. Derfor er det viktig å følgje utviklinga nøye.

Vi ser no tendensar til ei todeling i norsk eksportindustri. Den oljerelaterte industrien har rekordhøg ordreinngang. Bransjen slit med å få nok arbeidskraft, og bedriftene importerer ingeniørar og teknologar i stor stil.

I andre bransjar ser vi at bedrifter må redusere aktiviteten og gå til permitteringar og oppseiingar. Dette er ein uballanse som kan føre til ein einsidig og uheldig næringsstruktur på lengre sikt. Derfor er det viktig å føre ein aktiv næringspolitikk som kan motverke denne utviklinga.

Skal vi ha noko å leve av etter olja, må vi legge til rette for etablering av nye bedrifter. Opposisjonen likar å gi inntrykk av at det meste er galt i norsk næringsliv. Då er det hyggeleg å registrere at Verdsbanken gir Noreg god karakter for sitt næringsklima. Det er få land i Europa der det er lettare å starte bedrifter, i følgje Verdsbanken.

Ei av årsakene til at norsk industri har klart seg bra, er at bedriftene har satsa på teknologiutvikling og miljøtiltak. Marknaden for miljøteknologi er i vekst, men det er ein krevjande marknad med behov for tunge investeringa. Regjeringa har derfor etablert eit miljøteknologiprogram som har blitt svært populært. Det er hyggeleg å registrere at komiten ser behovet for å vidareutvikle denne ordninga.

Norsk næringsliv står overfor store utfordringar knytt til klimautfordringane. Men klima og miljø kan også skape konkurransefordelar og nye marknader. Skal vi møte desse utfordringane,  så må vi vidareutvikle samarbeidet mellom næringslivet og staten. Og vi må etablere relevante støtteordningar for nødvendig omstilling.

Vi står overfor klimakrise og finanskrise. Men vi skal heller ikkje gløyme at den globale matvaresituasjonen byr på store utfordringar. I følgje FN så må den globale matvareproduksjonen aukast med 70% innan 2050

I dette perspektivet er det viktig at vi tar vare på den dyrka jorda vi har her i landet. Vi må bli flinkare til å verne matjorda når vi skal bygge vegar og kjøpesenter. Men like viktig er det å hindre at dyrka mark blir lagt brakk.

Mange stader har vi ein topografi som ikkje ligg til rette for stordrift. Skal vi oppretthalde dyrka areal og reell sjølvforsyningsgrad, så må vi ta vare på dei små og mellomstore bruka. I tillegg må vi bli flinkare til å bruke grovfor og beite til erstatning for importert korn.

Eit aktivt og variert landbruk legg også grunnlag for anna næringsverksemd. Dersom landbruket blir borte, vil mange bygder oppleve fråflytting.

Med den landbrukspolitikken som Høgre og Fremskrittspartiet legg opp til, vil mange bygder bli avfolka. I tillegg til drastiske kutt i overføringane, vil desse partia fjerne importvernet. Med ein slik politikk, ville det knapt finnast bønder att i mange fylke. Det gjeld ikkje minst mitt heimfylke, Vest-Agder.

Sjømatnæringane er viktige eksportnæringar, og dei er viktig for sysselsettinga langs den lange kysten vår . SV vil ha ein variert fiskeflåte og ei rettferdig fordeling av ressursane slik at dei kjem dei fiskeriavhengige kystsamfunna til gode. Vi må sikre lokal vidareforedling og ta vare på dei lokalt forankra aktørane i fiskerinæringa.

Havbruk er ei ung næring som har hatt ein enorm vekst. Produksjonen er tidobla på tjue år. Denne utviklinga har skapt store miljøutfordringar, ikkje minst i forhold til villaksen som Noreg har eit særleg ansvar for.

I sommar rapporterte Havforskingsinstituttet om  berekraftutfordringar for alle fylke frå Rogaland til og med Finnmark. Det gjeld spesielt lakselus og genetisk påverknad på villaksen. Dette er ein lite haldbar situasjon

Vi må forvente at næringa sjølv gjer ein større innsats for å utvikle ein berekraftig produksjon. Det er ikkje akseptabelt at vi stadig opplever alvorlege tilfelle av rømming, og at vi stadig får melding om uaksepable lusenivå.

I denne som i andre næringar er det nødvendig at samfunnet set klare rammevilkår for å sikre berekraftig  verdiskaping på lang sikt.

Nedanfor finn du manuskriptet (som eg berre delvis fulgte) til mitt innlegg i finansdebatten 24.11.11. Det fokuserer på at god klimapolitikk er god næringspolitikk

Presedent

Vi står overfor to store internasjonale kriser, gjeldskrisa og klimakrisa. Dei to krisene heng saman. Eg vil begynne med å snakke om klimakrisa som er den største.

Det internasjonale energibyrået la nyleg fram ein rapport som viser at det hastar å gjere noko med klimautfordringane. Om fem år er det for seint å nå togradersmålet som dei fleste har vore samde om.

Mange har sagt at vi ikkje har råd til å redde klimaet, og mange hevdar at klimatiltak er ein trussel mot næringsliv og industri. Dette er å setje saka fullstendig på hovudet. God klimapolitikk er god næringspolitikk.
Dersom vi ikkje satsar på nasjonale klimatiltak, så vil Noreg bli avindustrialisert når oljealderen går mot slutten.

Norsk industri har overlevd ved å ligge i front teknologisk. Sterk satsing på miljøtiltak er eit viktig grunnlag for at vi ligg i front i dag.  På same måten vil klimasatsinga legge grunnlaget for ei ny industriell utvikling. Alternativet er at andre land passerar oss teknologisk, og at vi misser fotfestet i dei veksande marknadene for ny teknologi.

Regjeringa har etablert ei ordning for støtte til miljøteknologi. Denne har vist seg å vere svært populær ordning. Og det er ein god start på det samarbeidet vi må utvikle mellom styresmaktene og næringslivet for å møte framtida.

Denne veka var det ein stor miljøkonferanse i regi av miljøorganisasjonen ZERO. Her fekk vi mange eksempel på at fleire og fleire no innser at SV har rett. Klimapolitikken er vår tids muligheit for industri og næringsliv.

Det som kanskje overraksa mange, var innlegget frå klimakommisæren i EU.  Ho sa at mange i næringslivet no argumenterer for innanlandske klimakutt for å fremme innanlandsk teknologiutvikling. Alternativet vil vere at det er bedrifter i andre land som tar ledelsen i dei nye marknadene.

Representanten Erna Solberg deltok også på ZERO-konferansen. Ho hevda at Høgre står fast på klimaforliget. Men ho hadde uklare visjonar for teknologiutvikling i næringslivet. For SV er det viktig å ha høge ambisjonar kombinert med eit tett og forpliktande samarbeid med næringslivet.

For å redde klimaet og trygge arbeidsplassane er det viktig å satse på kompetanse. Norsk arbeidsliv er karakterisert av kompetanse på alle nivå i organisasjonen. SV er opptatt av å vidareutvikle dette konkurransefortrinnet.
Derfor har SV kjempa for ein skole som legg vekt på meir praktisk undervisning for å redusere fråfall.

Samarbeidet mellom utdanning og forsking og næringslivet er eit viktig element i arbeidet for å møte dei store omstillingane vi står overfor. Det gjeld både i vidaregåande skole og i høgare utdanning og forsking.

Kring om i landet veks det no frem kluster der store og små bedrifter samarbeider med universitet og høgskolar. Dette er til gjensidig nytte. Dei små bedriftene har ikkje alltid ressursar til å samarbeide med forskingsmiljø, men saman med dei store kan dei klare det. Og universitet og høgskolar får betre relevans i forsking og undervisning.

Derfor satsar regjeringa på ordningar som stimulerer til slikt klustersamarbeid, blant anna i ordningar som ARENA og NCE. Slike nettverk blir også ofte støtta av fylkeskommunane med midlar som Høgre og Venstre no vil kutte.

SV og regjeringa møter dei store utfordringane vi står overfor med ei offensiv satsing på klimatiltak og på utdanning og forsking. Vi satsar ikkje på skattelette til dei rike og derfor har vi ein robust økonomi som vi kan møte dei store utfordringane med..

Innlegg i debatten om Datalagringsdirektivet 4. april 2011

President
Dette er ei sak som vil setje kraftige spor etter seg i norsk rettsoppfatning og norsk samfunnsutvikling.

Den liberale rettsstat har som grunnprinsipp at staten skal ha tillit til borgarane inntil borgarane sjølv gir staten sakleg grunn til å meine at tilliten er broten. Høgre og Arbeidarpartiet snur dette grunnleggande liberale perspektivet på hovudet. No skal alle mistenkjast og overvakast dersom dei brukar telefon.

Terrorfrykt har ført til mange inngrep i personvernet og i privatlivets fred. Det er ei utvikling som lenge har uroa dei fleste som er opptatt av å bevare sentrale prinsipp for rettstryggleik. Men med implementering av datalagringsdirektivet passerer vi ei ny prinsipiell grense. Ved å tillate overvaking av borgarane utan grunn til mistanke, er vi på veg inn i eit overvakingssamfunn som det er vanskeleg å sjå konsekvensane av.

Det verste med datalagringsdirektivet er den mangelen på tilliten til borgarane som ligg i prinsippet om overvaking utan mistanke . Den norske samfunnsmodellen med eit lågt konfliktnivå byggjer nettopp på tillit mellom borgarane og styresmaktene. No signaliserer overvakingskameratane at dei ikkje lenger har tillit til folket. Kan dei då vente å bli møtt med respekt og tillit tilbake?

Høgre likar å smykke seg med å vere eit liberalt parti. Og Arbeiderpartiet er opptatt av å forsvare den norske samfunnsmodellen. Datalagringsdirektivet bryt med med grunnleggande liberale prinsipp, og det rører ved det mest sentrale grunnlaget for den norske samfunnsmodellen. Begge partia går dermed på akkord med sine eigne kjerneverdiar.

Eg har store problem med å forstå hastverket i denne saka. Er tilhengarane av direktivet redd for den viktige og spennande debatten som no går i andre europeiske land?

Fleire og fleire innserser at Datalagringsdirektivet bryt ein demning som det ikkje er mogeleg å bygge opp att. Bryt ein tilliten til borgarane og erstattar den med overvaking, så får vi eit kaldare, mindre menneskeleg og mindre solidarisk samfunn. Er lojaliteten til EU verdt det?

Alf Holmelid

———————————————————————————————–

Innlegg i debatt om oppdrettsnæringa 22. februar 2011

President

Det er positivt at det er lagt opp til ein brei diskusjon om oppdrettsnæringa. Som mange har vore inne på, er dette ei stor og viktig næring. Det er ei viktig eksportnæring, og den har skapt mange arbeidsplassar kring om i landet. Næringa er også ein viktig del av satsinga på Noreg som sjømatnasjon

Noreg har naturlege føresetnader for å drive marin produksjon. Men det er viktig å sikre at næringar som haustar av naturressursane våre, er berekraftige. Vi har ikkje moralsk rett til å forbruke naturen på bekostning av framtidige generasjonar. Vi har blant anna eit stort ansvar for å ta vare på dei nordatlantiske laksestammane.

Fiskeoppdrett er ei næring som har vakse svært raskt, og som no står overfor store utfordringar. Dersom vi ikkje sikrar ei berekraftig utvikling i næringa, kan det få store konsekvensar for miljøet og for andre næringar. Men ikkje minst vil det ramme næringa sjølv.

I går var eg i Verdalen i Nord-Trøndelag og diskuterte reiseliv knytta til laksefiske. Det er ei næring som på landsbasis har ei omsetning på 1,4 milliardar kroner, og som utgjer nesten 3000 årsverk. Representantane for denne næringa var sterkt uroa over framtida til villaksen som er grunnlaget for deira inntekter.

Talet på laks i mange lakseelvar har gått så sterkt ned at det er innført strenge restriksjonar på fisket. Det kan vere fleire årsaker til reduksjonen i villaks. Men det er brei semje om at oppdrettsnæringa har eit ansvar. Når det gjeld innblanding av oppdrettslaks i lakseelvane, så er det vel ingen tvil om kvar årsaka ligg, og innblandinga ligg over tålegrensa.

Seinast for ei veke sidan rømte det 150 000 oppdrettslaks frå eit anlegg i Trøndelag. Dette er eit svært høgt tal når vi tenkjer på at innsiget av villaks er under 400 000.

Slike hendingar må vi unngå, og vi må sikre at ikkje uskuldig tredjepart og miljøet må bere kostnadene for manglande opprydding. Det kan ta noko tid før vi kan få alt lakseoppdrett over i lukka anlegg, men det er mange teknologiske grep som bør gjerast i mellomtida. Den siste enorme rømminga viser  at vi no må forsere denne utviklinga. Og her må bransjen ta eit langt større ansvar.

Lakselusa er  eit stort problem for dei Nordatlantiske laksestammane. For å prøve å halde dette problemet i sjakk, blir det brukt store mengder medisin. Vi bør vite meir om kva konsekvensar denne medisinbrukenm har for det marine miljøet kring anlegga. Lakselusa er også eit stort problem for næringa sjølv. Det er viktig at vi no kjem fram til tiltak som kan redusere luseproblemet og redde villaks og aure.

Det er alvorleg når Havforskningsinstituttet nyleg kunne konstatere at det er moderat eller høy sjanse for at dei langsiktige måla i berekraftstrategien i dag ikkje er nådd på strekninga frå Rogaland til Troms. Det er ein situasjon som næringa og samfunnet ikkje kan leve med.

Eg har kanskje sagt det før, men seier et like vel. Situasjonen i denne næringa liknar på den vi hadde i prosessindustrien då eg begynte å arbeide der på slutten av syttitalet. Industrien belasta miljøet og blei møtt med strenge miljøkrav som vakte sterke protestar. Men miljøkrava kom, og industrien tok utfordringane. I dag meiner vel dei fleste at miljøkrava redda industrien. Det skapte nødvendig teknologiutvikling og styrka konkurranseevne.

Eg er overtydd om at oppdrettsnæringa i dag er i ein liknande situasjon. Ei langt meir offensiv haldning for å sikre berekraft er avgjerande for framtida til næringa, og for framtida til villaksen og auren i norske fjordar.

——————————————————————————————–

Innlegg i budsjettdebatten 15. desember
Budsjettområda næring, landbruk og fisk

President
I ein budsjettdiskusjon som denne kan det ver grunn til å løfte blikket litt og sjå dei enkelte budsjettpostane i eit litt større perspektiv.

Det ligg ikkje for ein sørlending å skryte. Men når opposisjonen stadig prøver å snakke ned utviklinga i norsk økonomi, er det nødvendig å minne om ein del sentrale forhold.

Noreg er det landet som kom best igjennom finanskrisa, og vi har den lågaste arbeidsløysa i Europa.
Noreg har også komme godt ut på ein del indeksar som måler konkurranseevne. Den anerkjente institusjonen IMD plasserer Noreg på ein niandeplass som er tre plassar fram sidan året før. Det er berre eitt europeisk land som ligg føre oss på denne statistikken.

Andre indeksar kan gi andre resultat, så vi skal vere varsame med å overtolke slike indikatorar både når dei går opp og når dei går ned. Men desse eksempla viser at det ikkje er sakleg grunn for noko svartmaling av situasjonen i norsk økonomi og norsk næringsliv. Derimot er det god grunn til å satse offensivt for å møte nye utfordringar.

Vi møter utfordringane best ved å bygge på dei sterke sidene i den norske modellen.
Høgrepartia har ein tendens til å overfokusere på skattelette og framstille velferdsstaten som ein klamp om foten på verdiskaping og næringsutvikling.
Men dette er å snu saka fullstendig på hovudet. Det er den norske velferdsmodellen som har lagt grunnlaget for det omstillingsvennlege og innovative næringsliv vi har her i landet.

Eg kunne snakke lenge om dette, men skal avgrense meg til nokre poeng.
• Tryggleik frigir tid og energi til å satse i næringslivet
• Full  barnehagedekning gjer det mogeleg for alle å bidra.
• Vi har høg yrkesdeltaking
• Høg kompetanse på alle nivå i organisasjonen pregar norsk næringsliv og er eit konkurransefortrinn
• God miljøpolitikk er god næringspolitikk.

President
I det siste har den raudgrøne regjeringa lagt opp til eit kraftig løft for fornybar energi og norsk industriutvikling.

Regjeringa foreslår å styrke eigenkapital i Statkraft med 14 milliardar kroner. Det gjer det mogeleg for selskapet å investere 82 milliardar kroner i miljøvennleg energi.
Gjennom statleg eigarskap har vi utløyst ei kraftig satsing på fornybar energi og miljøteknologi. Staten skyt inn eigenkapital som utløyser eit stort investeringsprogram på forretningsmessige vilkår.

Sist veke blei avtalen med Sverige om grøne sertifikat signert. Det vil også utløyse milliardar til investering i fornybar energi.

Dessutan har vi i statsbudsjettet for 2011 etablert eit miljøteknologiprogram på nesten 300 millionar kroner. Det skal blant anna støtte større pilotanlegg og prototypar.

Og denne veka blei det kjent at eit utval skal sjå på den langsiktige utviklinga i kraft- og energiballansen. Dette er eit tiltak som er viktig både for den kraftproduserande industrien og den kreftforedlande industrien.

Desse fire tiltaka er kvar for seg store løft for miljøvennleg energi. Samla utgjer dei ei satsing av historiske dimensjonar. Ingen tidlegare regjeringar har vore i nærleiken av eit slikt løft for miljøvennleg energi.

Men dette er ikkje berre ei stor satsing på miljøvennleg energi. Det er også eit kraftig industripolitisk satsing .
Milliardinvesteringane i miljøvennleg energi opnar ein stor marknad for leveransar frå høgteknologisk norsk industri.

Dette gjeld ikkje minst leverandørindustrien. Sentrale personar i denne bransjen har uttalt til media at dei ser eit stort potensiale for leveransar til blant anna offshore vind. Gjennom denne satsinga kan industrien få ein fot innafor i ein veksande marknaden for miljøteknologi.

Teknisk direktør i National Oilwell i Kristiansand peika nyleg på at det kan bli leveransar for 45 milliardar kroner berre til det planlagde havvindprosjektet utanfor England.
Både han og forskingsdirektøren i Aker Solutions peikar på at norsk offshoreindustri har teknologi som passar til dette formålet.

Det internasjonale energibyrået, IEA, har presentert prognosar som viser sterk vekst i marknaden for fornybar energi. Gjennom dei satsingane som den raudgrøne regjeringa no gjer, gir vi norsk industri eit springbrett inn i denne marknaden.

På denne måten legg vi til rette for ei gradvis omstilling for å trygge arbeidsplassar og kompetanse som elles ville gå tapt når oljeaktiviteten etter kvart blir redusert.
Alternativet til ei slik gradvis omstilling, er meir dramatiske og smertefull omstillingar om nokre år.

President
SV er opptatt av å legge til rette for eit variert næringsliv med både små og store bedrifter. Av og til har eg inntrykk av at enkelte debattantar også her i salen lagar ein kunstig motsetning mellom små og store bedrifter.

Men vi treng begge deler, og mi erfaring er at dei utfyller kvarandre og kan støtte kvarandre. Det kan blant anna skje i bransjenettverk med store og små bedrifter  og universitet eller høgskolar.

Eg har hatt gleda av å delta i slike nettverk og har sett kor stor effekt dei kan ha. Dei store bedriftene har ressursar til å delta i forskings- og utviklingsaktivitetar saman med universitet og høgskolar, og dei små bedriftene kan dra nytte av kompetanse frå dei store. Slike nettverk er viktig for kompetanseutvikling, omdømmebygging og innovasjonsevne.

Vi har mange slike nettverk kring om i landet, og dei betyr mykje for dei regionale næringsklyngene. Mange er finansiert gjennom ARENA-programmet eller programmet for Norwegian Centre of Expertice.
Eg er overraska over at Høgre i sitt alternative statsbudsjett har valt å kutte i finansieringsgrunnlaget for desse nettverka. Det må skuldast manglande innsikt i kva slike nettverk kan bety for regionalt næringsutvikling.

President
Primærnæringane er ein viktig del av næringspolitikken, ikkje minst i distrikta.
Klimakrise og global matmangel har sett nytt fokus på landbruket. Vi står overfor ein situasjon der klimaendringane kan true den globale matforsyninga. Derfor er det viktig at Noreg tar vare på og vidareutviklar landbruksproduksjonen.

Landbruket produserer også viktige fellesgode.
Jordbruket er grunnlaget for busetnaden i mange bygder i distrikts-Noreg. Utan eit livskraftig  landbruk i distrikta vil mange bygder bli avfolka.
Landbruket legg også grunnlaget for andre distriktsnæringar som næringsmiddelindustri, reiseliv og opplevingsturisme.

Noreg har ein topografi som gjer det krevjande å drive landbruk mange stader. I eit slikt  land kan ikkje marknadskreftene sikre matvaretryggleik og levande bygder.

Det er viktig å vidareutvikle det veletablert samarbeid mellom staten og landbruksorganisasjonane og  vidareføre systemet med landbruksforhandlingar, dersom vi skal oppretthalde eit aktivt landbruk i heile landet og sikre levande bygder.

Høgrepartia kuttar kraftig i landbruksstøtta og vil avregulere landbruket. Dette er eit opplegg for å sentralisere og bygge ned norsk landbruk. Om Høgre og FrP skulle få makta, tvilar eg på at dei små og brattlendte bruka  i mitt heimfylke har noko lysande framtid.

Det er ikkje grunn til å legge skjul på at vi står overfor ein del utfordringar i landbruket. Det er bra at også opposisjonen engasjerer seg i desse utfordringane. Men den avreguleringa og dei budsjettkutta som høgrepartia legg opp til, vil berre akselerere problema og auke avgangen frå næringa.

President
Norge er ein stor fiskerinasjon. Dei viltlevande marine ressursane er fellesskapet sin eigedom. Det er viktig å sikre desse ressursane for framtidige generasjonar gjennom berekraftig forvaltning og berekraftig hausting. Det er også viktig å ha ein variert flåte som sikrar sysselsetting og busetjing i kystsamfunna.

Oppdrettsnæringa har i løpet av få år vokse seg til ei stor og viktig næring med ein eksportverdi på 26 milliardar kroner. Næringa er også viktig for mange kystsamfunn kring om i landet.

Med  utgangspunkt i fiskeri og oppdrettsnæring har regjeringa sett seg som mål å bli ein leiande sjømatnasjon. Dette er ei viktig satsing som kan bidra til å auke verdiskapinga i næringa utan å komme i konflikt med kravet om berekraftig forvaltning og hausting.

Men oppdrettsnæringa står overfor store utfordringar. Problemet med lakselus truar villaksen og reduserer verdien av oppdrettsfisken. Rømming fører til at det er mykje oppdrettsfisk i viktige lakseelvar, og vi får innblanding av genar frå oppdrettsfisk i villaks. Næringa har også ein del problem med fiskesjukdomar.

Det er viktig at næringa får kontroll med desse problema. I motsett fall vil det ikkje berre gå ut over villaksen. Det vil også true framtida til næringa.
Vi veit frå andre unge næringar at det er viktig med strenge offentlege miljøkrav. Det er heilt avgjerande både for villaksen og for oppdrettsnæringa at regjeringa følgjer utviklinga nøye og set i verk nødvendige tiltak og reguleringar.
Alf

Advertisements