Tag Archives: fattigdom

Forskjellssamfunnet er her

forskjellarModerate økonomiske og sosiale forskjellar har vore eit kjenneteikn for Noreg. Men no er det i ferd med å bli historie. Dei rike blir rikare, og vi får fleire fattige barnefamiliar. Det forskjellssamfunnet som vi har sett utvikle seg i mange land i Europa og i USA, er no i ferd med å slå rot også her i landet. Med større forskjellar følgjer mindre samfunnstillit, dårlegare livskvalitet og svakare produktivitet. Den stadig aukande konsentrasjonen av økonomisk makt, er også ei utfordring for demokratiet. Men trass i fine ord skortar det på den politiske viljen til å snu denne negative utviklinga.

Det manglar ikkje på dokumentasjon. Rikmannsklubben som set kvarandre stevne i Davos, har dokumentert at dei 85 rikaste personane i verda eig like mye som den fattigaste halvdelen. Ein sveitsisk bank har rekna ut at den rikaste prosenten av verdas befolkning eig over halvparten av verdiane i verda.  I Noreg disponerer den rikaste prosenten av befolkninga over 20% av all formue her i landet, og dagens regjering gjer sitt beste for å auke forskjellane. Kvar av dei 0,1% rikaste i Noreg fikk i statsbudsjettet for 2015 i gjennomsnitt 238 000 kroner i skattelette. Vanlege lønsmottakarar måtte klare seg med 2700 kroner.

Høgresida har klart å få gjennomslag for myten om at vi må akseptere større forskjellar for å få fart på økonomien.  Men det finst ikkje dokumentasjon for denne påstanden. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, OECD, seier tvert i mot at store forskjellar i eit land reduserer den økonomiske veksten. I ein rapport frå 2014 skriv OECD at økonomiske forskjellar verkar negativt på økonomisk vekst. Rapporten viser også at fordelingspolitikk ikkje er til hinder for vekst. I følge OECD hindrar store forskjellar økonomisk vekst blant anna ved å svekke sosial mobilitet og bidra negativt til samla utdanningsnivå i et samfunn.

No er heller ikkje økonomisk vekst de primære for å skape eit godt samfunn. I boka Ulikhetenes pris drøftar forfattarane  Richard Wilkinson og Kate Pickett kva som skaper god livskvalitet. Dei har samla eit omfattande materiale som viser at det er land med små forskjellar som kjem best ut. Fordeling er viktigare enn økonomisk vekst for livskvaliteten i eit land. Samfunn med små forskjellar har større samfunnstillit, større sosial mobilitet, lågare kriminalitet,  betre folkehelse og høgare levealder enn andre land. Vi manglar ikkje dokumentasjon på at små forskjellar er bra for eit samfunn, men like vel går utviklinga i feil retning. Det er ei utvikling vi må snu før forskjellssamfunnet bit seg fast også her i landet.

Skal vi komme forskjellane til livs, så må vi satse på å betre forholda for barnefamiliar. Det gjeld ikkje minst barnefamiliar med einslege forsørgjarar. Nesten ti prosent av norske barn lever i familiar med vedvarande låg inntekt. Det utgjer over nitti tusen barn, og talet er aukande. Sidan 2012 har det blitt femten tusen fleire barn som lever i fattige familiar. Auken er klart størst blant innvandrarfamiliar. Skal vi unngå å skape eit klassesamfunn her i landet, så er det på tide å få ein brei debatt om kva tiltak som må til for å betre situasjonen for barnefamiliar med låg inntekt.

Det regjeringsoppnemnde Fordelingsutvalet slo i 2009 eintydig fast at det rimeligaste og mest treffsikre tiltaket mot barnefattigdom er å auke barnetrygda. Dei store barnefamiliane har dårlegast råd. Derfor blir tiltaket endå meir treffsikkert med eit søskentillegg i barnetrygda. I tillegg bør vi halde barnetrygda utanfor ved utrekning av sosialhjelp. Mange har tatt til orde for å droppe barnetrygda fordi den også går til folk med god økonomi. Men dersom vi ønskjer å stramme inn økonomien til dei rike, så kan vi enkelt gjere det gjennom skattesystemet utan å ramme dei med dårleg råd. Og kvifor er det nettopp barnetrygda som blir møtt med denne kritikken? Det er få som klagar på at det er sløsing å la dei rike få glede av andre universelle ytingar som gratis skole for eksempel.

For å finansiere tiltak som kan redusere fattigdomen og dei aukande forskjellane i samfunnet, må vi legge om skattepolitikken og slutte å gi store skattelette til dei rike. Dei som har råd, må betale meir dersom vi skal skape eit samfunn med moderate forskjellar og god livskvalitet for alle. Kjente økonomar som Thomas Piketty er heilt tydelege på at vi bør auke formuesskatten for dei rikaste. I tillegg bør finansnæringa betale skatt som alle andre næringar. Det kan vi oppnå ved å innføre meirverdiavgift for finanstransaksjonar.

Både i USA og i mange land i Europa ser vi no ein gryande protest mot dei aukande sosiale forskjellane. Her i landet har vi framleis relativt moderate forskjellar. Men vi er på full fart inn i forskjellssamfunnet med dei negative konsekvensar det har for livskvalitet, produktivitet og folkestyre. Kampen mot forskjellssamfunnet bør derfor bli ein sentral del av den valkampen som vi no går inn i.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen mandag 19. september

 

 

Advertisements

Kamp mot forskjellar

Mange er opptatt av forskjellane i samfunnet. Men det er ofte vanskeleg å få aksept og støtte til auka skattar for dei rike slik at vi får meir midlar å bruke på dei som treng det mest. Det er også ei utfordring å få aksept for at arbeidslinja ikkje må trekkast så langt at det går ut over dei som ikkje kan arbeide eller får arbeid.

Undersøkingar viser at samfunn med små forskjellar er betre for alle. Folkehelsa er betre, konfliktnivået lågare og tilliten mellom folk og tilliten til styresmaktene er større. Samfunn med små forskjellar klarer seg også godt i den økonomiske konkurransen. Det er derfor lett å tilbakevise høgresida sin retorikk om at kampen mot større forskjellar er eit utslag av misunning.

SV har fått gjennomslag for viktige tiltak for å redusere forskjellane og fattigdomen. Vi har auka minstepensjonen og minsteytinga i folketrygda til 2G (grunnbeløp i folketrygda), vi har utvida bustøtteordninga, og vi har fått på plass introduksjonsprogrammet og ny giv-programmet som hjelper innvandrar ut i arbeidslivet. På den andre sida har vi auka skattane for dei rikaste.

Framleis er det for mange barn som bor i fattige familiar. Derfor vil SV halde fram arbeidet for å redusere forskjellane og bekjempe fattigdomen. Vi vil blant ha nasjonal minstenorm for sosialhjelp, og vi vil ikkje ta barnetrygda frå sosialhjelpsmottakarane. Gode barnetillegg i trygdeordningane, gratis kjernetid i barnehagane, styrka barnevern, fleire helsesøstrer og ein ny sosial boligpolitikk er av dei tiltaka vi vil jobbe for i tida framover.

Ikkje minst i USA, men også i aukande grad i Europa ser vi at forskjellane i samfunnet aukar og at fleire blir fattige. Noreg har klart seg betre, men vi kan ikkje vere nøgde. Økonomiske og sosiale forskjellar kan målast på ulike måtar. Brukar vi den såkalla GINI-koeffisienten som Statistisk sentralbyrå reknar ut, så har forskjellane gått litt ned under denne regjeringa. Andre måtar å vurdere klasseskilnader og sosiale og økonomiske forskjellar på gir andre resultat.

Men uavhengig av slike målingar må vi forsterke kampen mot fattigdom og for mindre forskjellar. Skal vi klare det, er det viktig å skape brei oppslutning om ein aktiv  fordelingspolitikk med omfordeling over skattesetelen og ein trygde- og sosialpolitikk som stimulerar til arbeid, men som også tar vare på dei som ikkje kan vere i arbeid.

Alf

Sikrar uføretrygda

Blir vi for sjuke til å jobbe skal vi vere trygge på at vi har ei inntekt. Det er dette uføretrygda skal sikre. For SV er det viktig at vi har ei god og varig trygd og eit system som vi alle kan stole på. Samfunnet skal gjere det som er mogeleg for å bidra til at folk kan stå i jobb og komme i jobb. Men når det ikkje er mogeleg, må vi sikre inntekta til folk gjennom uføretrygd.

Uføretrygda er under hardt press. Høgresida og NHO snakkar om trygdefelle og ein velferdsstat som ikkje tåler presset av uføretrygda. Den realiteten som høgresida ikkje vil sjå, er at prosentdelen uføre ikkje aukar og at yrkesdeltakinga i Noreg er blant den høgste i verda.

Regjeringa har no lagt fram eit forslag til uføretrygd som sikrar alle uføre ei trygd som er minst like god som i dag. Barnetillegga består utan endringar, dei unge uføre opprettheld ordningar som sikrar kompensasjon for manglande opptening, og uføre blir skjerma for halve levealdersjusteringa. I tillegg kjem eit nytt system for å kunne kombinere arbeid og trygd slik at det blir mogeleg å jobbe meir i friske periodar. Det blir heller ikkje noko av tidlegare forslag om å gjere uføretrygda midlertidig.

 SV har kjempa for å unngå kutt i uføretrygda og har fått gjennomslag.

Alf