Tag Archives: klima

Miljøjubileum i ettertankens teikn

Buss_c3I år er det 25 år sidan Kristiansand kommune lanserte sitt første miljøbyprosjekt, og ordføraren har invitert klimaministren til å kaste glans over markeringa. Det er vel og bra. Men det er ingen grunn til å kvile på det som måtte finnast av laurbær. Når vi har lagt nye 25 år bak oss, er det mindre enn ti år til 2050 då Noreg skal vere klimanøytralt. Vi bør bruke jubileet til å gjere opp status og sjå framover. Har vi stelt oss slik at vi vil klarer å nå klimamåla i 2050 og samtidig ta vare på dei tradisjonelle naturverdiane våre?

Dei første miljøbyprosjekta i Kristiansand konsentrerte seg om å gjere byen trivlegare ved å ruste opp gater, byrom og grøntareal. Store løft som reinsing av Otra og utvikling av skjærgårdsparken stod også på kartet. Men etter kvart fekk arealbruk og transport ein sentral plass i miljøbyprogrammet. På dette området har ulike interesser stått i mot kvarandre, og vi slit med dei same utfordringane i dag som for 25 år sidan.

Tidleg på nittitalet var Kristiansand ein av ti byar som la planar for meir miljøvennleg transport. Politikarane kom etter kvart fram til eit resultat som kombinerte oppgradering av vegnettet med satsing på kollektivtransport. Men det gjekk ikkje heilt etter planen. Nokre år seinare gjennomførte Transportøkonomisk institutt ei vurdering av resultatet. Forskarane konkluderte med at det var sterk ubalanse i realiseringa av planane. Dei planlagde vegane blei bygde, men den planlagde kollektivsatsinga blei berre delvis realisert.

I dag er Kristiansand i same situasjon som for 25 år sidan. Bilismen og klimautsleppa aukar, og vi står midt oppe i arbeidet med å planlegge tiltak som kan snu utviklinga. Som for 25 år sidan blir det lagt planar for oppgradering av vegnettet kombinert med satsing på kollektivtransport. I siste sving har politikarane frå venstresida fått pressa igjennom at kollektivsatsinga må styrkast. Men det store spørsmålet er om vi har lært noko av vår nære miljøhistorie. Klarar vi å hindre at vi får det same resultatet som sist – meir veg og underfinansiert kollektivtransport?

Kollektivaksen har etter kvart blitt eit sentralt element i arealplanane i Kristiansand. Nye utbyggingsområde skal ligge langs busstraseane for å legge til rette for god kollektivdekning. I ein relativt liten by som Kristiansand er det heilt nødvendig dersom vi skal klare å gi eit akseptabelt kollektivtilbod. Men det viser seg stadig at arealplanen må vike når andre omsyn pressar på. Det er nok å nemne vedtaket om å etablere ein ny bilbasert bydel ved Hamrevann i strid med alle faglege råd. Bystyret har tydeleg vis ikkje tatt inn over seg at det er mindre enn trettifem år til vi skal vere eit nullutsleppssamfunn.

Derimot ser det ut til at deler av næringslivet er på offensiven i arbeidet for miljø og klima. På åtti- og nittitalet dreiv Bellona geriljakamp mot utslepp av miljøskadelege stoff, og mange økonomar og andre forståsegpåarar ønska prosessindustrien dit peparen gror. Men industrien tok signala frå miljørørsla og styresmaktene og utvikla meir miljøvenleg og effektiv teknologi. No er vi inne i ein ny fase der industrien kan bli eit viktig element i omstillinga til nullutsleppssamfunnet.

Det var nok mange som trakk på smilebandet då eg på nittitalet skreiv kronikk om at miljøteknologi kunne bli redninga for industrien på Sørlandet. Men i dag, 25 år etter, er det i ferd med å skje. Satsinga på miljø og berekraftig industriproduksjon er dokumentert gjennom fleire artiklar i Fædrelandsvennen. Mange bransjar har nyleg lagt fram vegkart for nullutslepp og grøn konkurransekraft, og sørlandsindustrien har stått sentralt i dette arbeidet.

I motsetning til det mange trur, så er Sørlandet ein industri- og teknologiregion. Olje- og gassektoren har vore dominerande eit par tiår, men no ser vi ei endring. Vi har ein prosessindustri som vil bli verdsleiande på berekraftig produksjon, vi har ein høgteknologisk leverandørindustri som satsar på nye marknader, og vi har gründerbedrifter med idear for nullutsleppssamfunnet. Sørlandet kan bli den grøne regionen på same måten som Rogaland blei oljeregionen. Men det krev politisk engasjement slik Rogaland hadde då dei tok posisjonen som oljeregionen. Det nyttar ikkje med halvhjarta innsats slik vi har sett i miljøarbeidet så langt.

Skal vi bli den grøne regionen, må det gjennomsyre arbeidet på mange område. Utdanningssystemet på alle nivå må bidra til å bygge relevant kompetanse, og Universitetet i Agder må ta ei førande rolle. Næringsklyngene i regionen er viktige drivkrefter for utvikling. Men er dei rigga for å møte dei nye utfordringane? Kanskje treng vi nye strukturar på tvers av tradisjonelle bransjar og funksjonar. Og sist men ikkje minst så må politikarane skikke sitt hus og vere med på å bygge omdømme som ein grøn region. Det nyttar ikkje med ein grå areal- og transportpolitikk i hovudstaden for ein grøn teknologiregion.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen 30.11.2016

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Advertisements

Vasskrafta som forsvann

SamEydeLever du i den trua at du puttar rein norsk vasskraft på elsykkelen, elbilen og dei andre elektriske dingsane dine? I så fall bør du ta ein ny titt på fakturaen frå kraftleverandøren din. Dersom du ikkje har betalt for opphavsgaranti for rein kraft, så er mindre enn fjerdeparten av den straumen som du brukar, fornybar vasskraft. Resten er kolkraft eller atomkraft – på papiret. Men i våre dagar er det jo dei finansielle papira som gjeld, ikkje dei fysiske realitetane. Og dei finansielle produkta er det som kjent ikkje så lett å sjå konsekvensane av.

Årsaka til at den reine norske vasskrafta blir skitten, er ein finansiell konstruksjon utan kopling til den reelle utvekslinga av elektrisk kraft. Energiselskap som baserer produksjonen sin på fornybare kjelder som sol, vind og vatn, kan selje bevis for at den krafta du brukar, er fornybar. Du får ein garanti for at du har kjøpt miljøvennleg energi. Men det paradoksale er at det ikkje følgjer fornybar kraft med desse opphavsgarantiane. Selskapa kan ikkje selje garantiar for meir enn dei produserer, men utover det er det inga kopling mellom sal av garantiar og sal av energi.

Energiselskapa kan selje opphavsgarantiar til heilt andre enn dei sel den fornybare energien til. Det inneber også at vi kan selje opphavsgarantiar til utlandet for langt større energimengder enn det vi reelt sett eksporterer. I 2015 selde norske energiselskap opphavsgarantiar til EU for om lag 85% av den norske vasskraftproduksjonen, sjølv om krafteksporten berre var om lag 15% av produksjonen. Konsekvensane av dette er at norsk vasskraft utan opphavsgaranti på papiret var samansett av 51% kolkraft og 37% atomkraft. Berre 12% var vasskraft i følgje varedeklarasjonen du finn på nettsidene til NVE.

Ordninga med opphavsgaranti blei innført av EU i 2001. Formålet var å skaffe ekstra inntekter til produsentar av fornybar energi. Det kan vere eit fornuftig system i EU. Der kjem det aller meste av den fornybare energien frå sol og vind. Dette er umodne teknologiar som har eit stort behov for økonomisk støtte i oppbyggingsfasen. Men det same gjeld ikkje norsk vasskraft som i utgangspunktet er svært lønsam. Dessutan har vi ikkje noko system som sikrar at sal av opphavsgaranti for vasskrafta, vil føre til produksjon av meir fornybar energi. Tvert i mot har dagens regjering sagt at vi skal legge mindre vekt på å auke produksjonen av fornybar energi her i landet av frykt for overproduksjon. Vi har altså importert eit system som er fornuftig i EU, men som ikkje har tilsvarande klimaeffekt hos oss.

Derimot kan ordninga med opphavsgaranti for norsk vasskraft få utilsikta og uheldige konsekvensar for norsk industri. Vi kan for eksempel komme i den situasjonen at datasenter på kontinentet på papiret kan bli grønare enn norske datasenter, sjølv om dei i realiteten brukar kolkraft og vi brukar vasskraft. Det er opphavsgarantiane, ikkje realitetane, som tel når bedriftene skal presentere sine miljødeklarasjonar for kundane, og slike deklarasjonar blir stadig meir etterspurt. Politikarar frå alle parti snakkar varmt om grøne datasenter. Samtidig vedtar dei å innføre finansielle produkt som kan rive noko av grunnlaget vekk under slike satsingar her i landet.

Eit anna eksempel er norsk metallproduksjon. Norske prosessbedrifter som  Elkem og Norsk Hydro kan i dag skilte med å ha kanskje den reinaste metallproduksjonen i verda. Dei eksporterer på mange måtar rein norsk vasskraft i fast form. Eyde-nettverket som organiserer mange prosessbedrifter, har tatt mål av seg til å bli verdsleiande på miljøvennleg produksjon. Den teknologien som blir utvikla for å nå dette målet, kan bli ei eksportvare og få store positive konsekvensar for det globale miljøet. Men systemet med opphavsgarantiar kan stikke kjeppar i hjula for denne satsinga.  Når prosessbedriftene skal dokumentere produksjonen sin, så må dei basere kalkylane sine på at det meste av den reine norske vasskraft på papiret kjem frå kol- og atomkraft.

Ein kan jo argumentere for at alle som ønskjer det, kan kjøpe opphavsgarantiar og unngå å bli belasta med kol- og atomkraft i sine miljøkalkylar. Men bør vi ikkje heller spørje kva vi skal med ei ordning som i beste fall har uklare klimaeffektar, og som kan vere negativ for miljøvennleg norsk industriutvikling?  Er opphavsgaranti for vasskraft eit fornuftig system når det ikkje sikrar at dei ekstra midlane går til å produsere meir fornybar energi, men gjer livet vanskelegare for norsk industri? Kraftutveksling med andre land kan under visse føresetnader vere med på å redusere bruken av fossil energi og ha positiv effekt for klimaet. Men eg har vanskeleg for å sjå at ordninga med eksport av opphavsgaranti for vasskraft, lausrive i frå energiomsetninga, har nokon positiv klimaaffekt.

Sal av opphavsgaranti for norsk vasskraft  er shopping av god klimaprofil utan substans og klare klimaeffektar, men med uoversiktlege konsekvensar for norsk industriutvikling.  Har den blitt importert hit til landet ved eit arbeidsuhell?

Alf Holmelid
tidlegare medlem av næringskomiteen på Stortinget for SV

Kronikken står på trykk i Klassekampen i dag

Sats grønt – sats på originalen

P1010298Eg skreiv innlegg i Fædrelandsvennen om miljøteknologi og grøn industri før Bellona-Hauge begynte å klatre i fabrikkpipene for å protestere mot utslepp. I dag snakkar alle om det grøne skiftet, til og med Erna Solberg. Men retorikk er ikkje nok. Det kan snarare føre til passivitet når alle, til og med Statoil, roser seg av sin grøne profil.

Eg blir stadig meir overtydd av at marknadsliberalisme og høgrepolitikk ikkje kan legge grunnlaget for det grøne skiftet. Det siste utspelet frå dei internasjonale kapitalkreftene, TTIP og TISA, er skreddarsydd for å hindre demokratiet i å stille miljøkrav. Med alle sine veikskapar så er det demokratiet og folkestyret som må fronte omstillinga til eit klimavennleg samfunn..

Miljøkamp er også kamp for rettferdig fordeling. Vi veit at klimaøydelegging og forureining rammar dei svakaste først. Men vi må heller ikkje gløyme at rettferdig fordeling er ein viktig basis for ein offensiv klimapolitikk. Skal vi ta dei store løfta som trengst, så må vi løfte i flokk og ikkje la dei som har minst, bere dei største byrdene. Rettferdig fordeling og klimapolitikk eg gjensidig avhengig av kvarandre. Dette har vore basisen for SV sin politikk heilt i frå starten.

Omstilling av næringsliv og arbeidsliv er ein viktig del av det grøne skiftet. Det er viktig med ein god dialog mellom fagrørsla og miljørørsla for å legge grunnlaget for dei store omstillingane vi må igjennom. Deler av fagrørsla her i landet har innsett dette og gjort gode vedtak om grønt skifte. Men diverre heng LO-toppen førebels etter.

SV har frå partiet blei stifta lagt til grunn at fordeling og miljø er to sider av same sak og har bygd både på fagrørsla og miljørørsla. No er det mange som snakkar om klima og miljø, men ofte manglar det andre perspektivet som skal styrke miljøkampen. Derfor er det tryggast å satse på originalen og støtte SV.

Alf

Stopp parkeringsskandalen

torgetEit nytt parkeringsanlegg under torget i Kristiansand er unødvendig og miljøfiendtleg. Det er i strid med planane om å vri bytrafikken frå privatbil til kollektivtransport, og det kjem i konflikt med historiske verdiar i byen. Bystyret bestemte derfor at det ikkje er aktuelt å bygge parkeringsplassane i kommunal regi. Men så dukka det plutseleg opp eit privat prosjekt som blei pressa igjennom i ekspressfart. Dei som står bak prosjektet, vil tydeleg vis hindre at parkeringsanlegget skal bli ein del av valkampen og stoppa av eit nytt bystyre.

Planane om å bygge over 400 parkeringsplassar i kjernen av Kvadraturen strir mot alle faglege råd. Fagetaten i kommunen har dokumentert at det alltid er minst 200 ledige parkeringsplassar i Gyldengården og Slottet. Det nye private parkeringsanlegget med si gunstige plassering vil redusere belegget i dei kommunale anlegga, og kommunen vil tape mellom to og fire millionar kroner kvart år. I tillegg skal kommunen betale 17 millionar kroner i støtte til byggeprosjektet. Som kompensasjon for alt dette får kommunen ei krone i året i festeavgift.

Parkeringsprosjektet vil gjere Kristiansand til ein versting i klimapolitikken. Transportsektoren står for ein stor del av klimautsleppa. Klimaforliket som alle parti unntatt FrP støttar, legg derfor vekt på å redusere bruken av privatbil, spesielt i dei store byane. Kristiansand har satsa på kollektivtransport kombinert med restriktive tiltak, og vi har begynt å sjå resultat av denne innsatsen. Kvifor vil det politiske fleirtalet no spenne bein for denne utviklinga ved å lokke fleire til å bruke privatbil?

Øvre og Nedre Torg og parkanlegga i området er storstova i Kristiansand. Det er knytt historie og kjensler til området, historie og kjensler som er med på å gi byen sjel. Parkeringsprosjektet vil føre til at utbyggarane må rive opp steinlegging som er over tre hundre år gammal. Steinen skal leggast tilbake, men ein kopi er aldri det sama som originalen. For mange skaper det også sterke kjensler når ein skal grave opp ein gamal gravplass for å sleppe å gå nokre få meter til privatbilen.

Hastverket i denne saka er eit studium verdt. For å drive offentlege parkeringsplassar må du ha ein tenestekonsesjon. Invitasjon til å søkje konsesjon blei lagt ut på nettstaden for slike utlysingar, DOFFIN, 20. april med frist for å levere tilbod 15. mai. Det er god grunn til å stille spørsmål ved om dette er rimeleg frist i ei så komplisert sak. Naturleg nok var det då berre det firmaet som var tiltenkt oppdraget, Torvparkering AS, som leverte tilbod. Men historia sluttar ikkje der.

I tilbodsinvitasjonen krev kommunen at «leverandøren skal ha relevant kompetanse og erfaring fra tilsvarende prosjekter». Vidare står det at leverandør skal “ha tilfredsstillende økonomisk soliditet og finansieringsevne.» Torvparkering AS er eit selskap som i siste kjente rekneskap hadde 100.000 kroner i eigenkapital. Det var eit sovande selskap inntil det 30. april i år skifte namn og formål og fekk ny styreleiar. Det er all grunn til å spørje om selskapet kan seiast å tilfredsstille krava i utlysinga. Eg kan vanskeleg tenkje meg at Torvparkering AS har dokumentert erfaring frå tilsvarande prosjekt.

Det er også grunn til å spørje om tenesteavtalen er i samsvar med vedtatt reguleringsplan. Området er regulert til offentleg parkering. Men i tenesteavtalen har kommunen akseptert at ein stor del av parkeringsplassane skal vere reserverte og disponerast eksklusivt av Torvparkering AS. Dei første åra skal over ein tredel av plassane vere reserverte. Kan Kommunalutvalet i eit lukka møte bryte med ein vedtatt reguleringsplan utan å ta saka tilbake til bystyret?

Her er det mange ting som tyder på at nokon har hatt hastverk med å komme i gang før valet. Men er dette ansvarleg saksbehandling? Kan vi akseptere at ei slik sak blir rusha igjennom etter at bystyret har tatt sommarferie og før neste bystyremøte kan settast? Dersom du vil vere med på å stanse dette skandaleprosjektet, så kan du signere underskriftslister, delta i debatten og stemme på SV eller eit anna parti som vil ta kampen mot prosjektet.

Alf Holmelid, leiar i Vest-Agder SV

Dette innlegget står på trykk i Kristiansand avis i dag.

Eit robust næringsliv på Agder

DDM%201000%20AC%202MEg har peika på at Agder har eit einsidig næringsliv, og at vi derfor må legge til rette for mangfald, innovasjon og omstilling.Utfordringa blir ikkje mindre av at den dominerande næringa er konjunkturutsett og vil bli påverka av dei store klimaomstillingane som vi står overfor. Anne Grete Ellingsen i NODE går i eit innlegg i Fædrelandsvennen sist mandag i rette med desse synspunkta og hevdar at eg overdriv klimatrusselen og omstillingsbehovet. Eg meiner tvert i mot at det er viktig å diskutere desse utfordringane for å vidareutvikle og styrke det kompetente næringslivet vi har her i regionen.

Klimapanelet er tydeleg på at vi ikkje har noko tid å miste. Skal vi nå togradersmålet, så må vi redusere dei globale klimautsleppa med 40% til 70% frå 2010-nivå innan 2050. Det vil krevje dramatiske omleggingar når vi veit at utsleppa framleis aukar frå år til år. Jo lenger vi ventar, jo meir dramatisk blir omleggingane. Det er ulike syn på kva konsekvensar dette vil få for olje- og gassrelatert næringsliv, også blant ekspertar på klima og energi. Men det er viktig å føre ein brei og open diskusjon om denne utfordringa for å legge grunnlaget for eit konkurransedyktig og berekraftig næringsliv på lang sikt.

For å møte dei utfordringane som næringslivet står overfor, har SV på Stortinget engasjert seg for å styrke næringsklyngene og kontakten mellom næringslivet og akademia. Systemet med Global Centre of Expertise som NODE er ein del av, er eit eksempel på det. Norsk offshoreindustri er verdsleiande på mange område, og det er viktig å ta vare på og vidareutvikle denne kompetansen. Men samtidig er det viktig å drøfte korleis vi best kan sikre vår posisjon som industrinasjon inn i ei turbulent framtida. Bedrifter må omstille seg, og nye må komme til.

Dette er ein vanskeleg debatt, men eg meiner den er nødvendig. Å ta denne debatten er ikkje misstillit til industrien. Det er tvert i mot eit genuint ønske om å legge grunnlaget for ei utvikling som kan sikre vår framtid som industrinasjon. Personleg har eg skrive mange kronikkar som hyllar norsk industri for si omstillingsevne, og eg har rosa NODE for å omtale seg som ei teknologiklynge med perspektiv utover olje og gass. Men det må også vere rom for å peike på dei utfordringane vi står overfor.

Alf

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag som svar på eit angrep på meg i mandagsavisa.

Vekst uten bærekraft?

P1010098Ny strategisk næringsplan for Kristiansandsregionen er lagt ut på høring. Den har ett tydelig overordnet mål: regionen skal ha større vekst enn andre regioner. Det er i tråd med det vi hører fra mange politikere i regionen for tiden. Vekst og størrelse har blitt det eneste som betyr noe. Men planutkastet sier lite om hva slags vekst man ønsker? Det er fullstendig fritt for ambisjoner om miljømessig og sosial bærekraft, noe som burde stått sentralt i et langsiktig strategidokument. I fagmiljøene og store deler av næringslivet er det passé å ikke ha fokus på bærekraft rundt næringsutvikling.

Næringsutvikling og vekst har store konsekvenser for miljø og klima. Men planen sier ingenting om hvilke føringer man må legge på utviklingen for å ta vare på miljøet og bidra til vedtatte klimamål. Skal vekst alltid ha førsteprioritet, eller skal veksten ha rammebetingelser som sikrer at fremtidige generasjoner kan nyte godt av sørlandsnaturen og et godt klima? Bærekraftig vekst krever at man setter seg klare miljømål. Det mangler fullstendig i planutkastet.

Kristiansandsregionen har en ensidig næringsstruktur der oljerelatert industri er helt dominerende. Dette gjør oss sårbare for internasjonale konjunkturer og for endringer i klimapolitikken. En strategisk næringsplan er et naturlig sted å ta opp denne alvorlige utfordringen for regionen. Hva kan vi gjøre for å få flere ben å stå på og skape arbeidsplasser på nye områder som miljøteknologi og omsorgsteknologi? Men disse problemstillingene er helt fraværende i planen.

Sosial dumping og svart arbeid er i ferd med å ødelegge deler av næringslivet, også i vår region. Useriøse og til dels kriminelle aktører gjør det vanskelig for seriøse bedrifter med ordnede arbeidsforhold å klare seg i konkurransen. Dette er en utvikling som må bekjempes dersom vi skal få et bærekraftig næringsliv i fremtiden. Men planutkastet adresserer heller ikke dette problemet.

De store næringspolitiske utfordringene har kommet helt i skyggen av vekstambisjonene i utkastet til strategisk næringsplan for Kristiansandsregionen. Det skjer samtidig som bærekraft har blitt en sentral del av strategiarbeidet i andre regioner og i store deler av næringslivet. Næringsplanen for Kristiansandsregionen kan ikke neglisjere disse spørsmålene om vi skal utvikle en næringspolitikk for fremtiden.

Melissa Lesamana
Leder i Kristiansand SV

Alf Holmelid
Leder i Vest-Agder SV

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

 

 

Frå svart til grøn handlekraft

imageSuksessen til norsk oljeteknologi skuldast politisk handlekraft. Diverre manglar vi den same politiske handlekrafta for å få til det grøne skiftet.

Norsk oljeteknologiindustri er ein suksess, men den er ikkje resultat av oljefunn og marknadskrefter åleine. Næringa blei løfta fram av visjonære politikarar som tok viktige grep på rett tidspunk. Dei la grunnlaget for ein teknologitung industri som har erobra verdsmarknaden. No treng vi tilsvarande handlekraft for å sparke i gang det grøne skifte. Men den oljedopa økonomien og trua på at marknaden ordnar opp, har lamma handlekrafta til politikarane i dei stor partia.

For ein del år sidan såg vi konturane av ein diskusjon om kva vi skal leve av etter olja, men den stilna raskt. Nokre oljefunn fekk førstesideoppslag i media, Jens Stoltenberg gjekk til frontalangrep på oss som stile slike dumme spørsmål, og SSB la fram ein rapport som konkluderte med at ting vil ordne seg. Men vil dei det? Viser ikkje eksempelet med suksessen til oljeteknologiindustrien at politisk handling på riktig tidspunkt gjer ein stor forskjell? Eit anna eksempel er miljøkrava som prosessindustrien fekk på åttitalet. I dag meiner dei fleste at krava tvinga fram teknologisk innovasjon som redda norsk prosessindustri.

Like før ferien fekk to næringsklynger status som Global center of expertise. Begge klyngene er ein del av petroleumsindustrien. Dei er teknologitunge, og dei dominerer verdsmarknaden på sine område, så statusen er vel fortent. Men det bør vere eit tankekors at det berre er petroleumsnæringa som når opp i slike konkurransar. Mange trøystar seg med at teknologibedrifter har stor omstillingsevne. Men spørsmålet er om dei vil finne kompetans og rammvilkår for grøn omstilling her i landet, eller om dei grøne divisjonane og knoppskytingane vil dukke opp andre stader.

Den nasjonal forskingstiske komite for naturvitskap og teknologi, NENT, uttalte nyleg at » … det er forskingsetisk uforsvarlig om petroleumsforskinga sine rammevilkår og forskingsaktivitetar hindrar omstillingsprosessar slik at FNs klimamål, som Noreg har forplikta seg til, ikkje kan nåast.» I kor stor grad petroleumsforskinga hindrar omstilling er de ikkje så lett å svare på. Men det er påfallande kor lite debatt denne fråsegna har skapt. Er det ingen som vågar å ta debatten om kva rolle forskinga spelar i brytinga mellom den svarte og den grøne økonomien?

I tillegg til forsking er langsiktige investeringar og grøne marknader viktig for det grøne skiftet. Eksplosjonen i sal av elektriske bilar viser at politikk verkar der marknaden er for treg.. Vi treng fleire slike satsingar, ikkje minst for å fremme enøk og bruk av solenergi i bygg. Og vi må ta lærdom av at det var Statoil som skapte den suksessrike oljeteknologiindustrien. No treng vi eit Statgrønt som kan løfte fram store langsiktige prosjekt og utvikle ein grøn leverandørindustri.

Alf

Dette innlegget står på trykk i Klasselkampen i dag.