Tag Archives: rasisme

Blir høgreekstremisme mainstream på  Erna si vakt?

ernaMørke skyer frå ytre høgre sig inn over oss, og Erna ser ut til å leve godt med det. Vi okkar oss over Trump og over framveksten av høgrepopulistiske part i Sør- og Aust-Europa. Men kva med tilsvarande haldningar som brer om seg her i landet? Det er på tide å ta til motmæle mot dei høgreekstreme haldningane før det er for seint, men Erna ligg lågt i terrenget.

Ein kommunepolitikar i Tønsberg skreiv nyleg eit lesarinnlegg med kalde gufs av raseteoriar frå mellomkrigstida. Til støtte for sitt syn viser ho til høgreekstreme nettstader som fråtsar i konspirasjonsteoriar om muslimar og andre som ikkje er i kategorien gode europearar. Og dette er ikkje noko soloutspel. Partiet hennar nektar å ta avstand frå innhaldet i innlegget!

Ein stortingsrepresentant deltok like før jul i debatt om innvandringspolitikk. Der hevda han at å gi mat til dei som svelt, berre fører til at det bli fleire som veks opp, og fleire som treng endå meir utviklingshjelp. Det er eit menneskesyn det er vanskeleg å finne ord for. I tillegg viser erfaring at problemstillinga er feil. Når folkegrupper kjem ut av botnlaus fattigdom og får betre helsestell, går fødselsraten ned.

Like før jul fekk vi ein ny minister som har ansvar for  kva som er rett og galt her i landet. Han har utmerka seg med harde angrep på alle han meiner ikkje er gode nordmenn, enten der er samar eller muslimar. No må det vere på tide med eit nytt korstog, hevdar han. Og han står ved alt dette etter at han fekk plass ved kongens bord med ansvar for statens valdsmakt.

Erna ser ut til å trivast godt med at høgreekstreme standpunkt blir normalisert. Då ho møtte media før jul, viste ho ikkje teikn til uro over framveksten av høgreekstrema haldningar. Ho gjekk derimot til frontalangrep på biskopane fordi dei hadde bedt om ein tenkepause i utsending av mindreårige flyktningar til farlege område.

Høgreekstreme haldningar og rasistiske konspirasjonsteoriar har lenge florert på ulike sosiale media. Det nye er at desse haldningane kjem ut av krokane og blir plukka opp av etablerte politikarar på høgresida i norsk politikk. Det som for få år sidan var utenkeleg, har blitt mainstream under vengene til Erna. Kvar har det blitt av det verdikonservative Høgre og omsorga for menneskeverdet i Kristeleg folkeparti?

Alf

Advertisements

Massiv protest mot Pediga i Kristiansand

PedigamarsjFor nokre dagar sidan tok Kristiansand mot Rasisme og sentrale personar i Sosialistisk Ungdom initiativet til ein alternativ demonstrasjon då det blei kjent at Pediga hadde planlagt å marsjere i gatene. Snart slutta dei fleste ungdomspartia seg til, og det blei eit massivt frammøte på Nedre torg i Kristiansand i går ettermiddag. Pediga mønstra eit tital personar på Øvre torg. Den alternative markeringa mønstra tre- fire hundre. Her er min appell til folkemengda:

Det er fantastisk å sjå at så mange møter opp her i dag på kort varsel. Det er flott å sjå at eit breitt spekter av ungdomsparti frontar kampen mot framandfrykt og for inkludering. Det lovar godt for framtida.

Pegida som har sitt utspring i Tyskland, marsjerer i dag i gatene i Kristiansand.
Det sender ein kald gufs inn over byen vår.
Dei spreiar fordommar og feilinformasjon om folk i vår by
Dei skaper misstru, frykt og konflikt. Pegida vil stenge ute muslimar frå landet vårt og bryte med menneskerettane og internasjonale asylavtaler.
Det er haldningar vi ikkje har sett sidan jødeparagrafen blei fjerna.

Vi er samla her i dag for å vise at vi ikkje vil finne oss i at slike tankar får slå rot i Kristiansand. Vi vil ikkje la Pegida øydelegge byen vår med sin propaganda.
Vi skal møte skremselspropaganda med fellesskap og solidaritet.
Vi skal møte misstru med inkludering og samhald.
Vi skal møte fordommar med kunnskap og samtale.

Frammøtet her i dag viser at vi er mange som vil ta ansvar for å hindre at Pegida får nedslagsfelt for sine giftige haldningar. Men det er ikkje nok. Vi må føre denne kampen kvar dag på arbeidsplassen, på skolen og i nabolaget. Vi må ta kontakt på tvers av skiljeliner og legge grunnlaget for eit inkluderande samfunn.

Den beste måten å bekjempe dei haldningane som Pediga står for, er å skape tillit mellom folk. Då fjernar vi grunnlaget for den mistrua og den frykta som Pediga prøver å utnytte. Vi må skape eit samfunn der alle kjenner at dei er verdsatt og ønska.

NEI til Pegida! JA til inkludering, samhald og fred!