Tag Archives: Skatteparadis

Kva er det med Kristiansand og skatteparadis?

penger_jpg_imagelarge1Ein fondsforvaltar med kontor i skatteparadis skal setje Kristiansand på kartet med kunstinvesteringar, og det skrantande fotballaget i byen skal reddast av ein spelteknologiutviklar med hovudkontor i eit anna skatteparadis. Dei blir unisont klappa fram av politikarar, media og alt som betyr noko i byen. Det er ikkje opportunt stille spørsmål ved denne hyllesten av skatteparadis

Skatt er basisen for eit sivilisert samfunn, og skatt på eit rimeleg nordeuropeisk nivå er basisen for eit fungerande velferdssamfunn med universelle velferdsytingar som gratis skole og solidariske trygdesystem.

Skatteparadis er ein alvorleg trussel mot eit skattenivå som kan oppretthalde ein solidarisk velferdsstat. Dei tilbyr svært låg skatt for å trekke til seg hovudkontor for bedrifter. På kort sikt tener landet nokre kroner ekstra, men på lang sikt taper alle. Dersom andre land svarer med same mynt, forsvinn fordelane med skatteparadis, men samtidig undergrev vi finansieringa av velferdssamfunnet i stadig fleire land.

I Kristiansand er et total mangel på debatt om effekten av skatteparadis i jubelen over midlar til gode formål. All verdas etikkrådgivarar kan ikkje bortforklare at skatteparadis er med på å legge press på skattenivået og svekke det velferdssystemet vi er stolte av å ha skapt.

I staden for å hylle folk som satsar på skatteparadis, burde vi hylle norske lønstakarar som betaler sin skatt år ut og år inn. Det er vel dei som til slutt må ta den største rekninga både for kunstsiloen og Start også.

Alf

Advertisements

Kamp mot ran av utviklingsland

Denne kronikken stod på trykk i Fædrelandsvennen i går.

Like før ferien kom finansministeren med ei viktig kunngjering som knapt blei registrert av media.  Regjeringa vil innføre nye krav til økonomisk rapportering for å redusere korrupsjon og skatteunndraging. Får vi bukt med desse problema, kan utviklingsland få behalde enorme summar som dei blir snytt for i dag. Skatteunndraging er eit stort internasjonalt problem.

Både rike og fattige land taper store summar, men dei fattige landa er mest sårbare og blir ramma hardast. Dei multinasjonale selskapa er flinke til å utnytte veikskapar i nasjonale og internasjonale skattereglar. Fortenesta blir flytta frå land til land og ender gjerne opp i skatteparadis der selskapa slepp unna med småpengar til skattefuten.

I følgje Tax justice network taper også Noreg store inntekter på grunn av at multinasjonale selskap unndrar skatt. Dei hevdar at det kan utgjere så mykje som 7,5 milliardar kroner per år. Denne summen tilsvarar det som førti tusen nordmenn betalar i skatt. Det er pengar som kunne komme godt med på mange område. Men det er like vel småpengar i forhold til det som utviklingslanda blir rana for.

For eit par år sidan kom det ei offentleg utgreiing om skatteunndraging i utviklingsland. Det er vanskeleg å fastslå omfanget av dette uvesenet. Men kvalifiserte vurderingar tyder på at dei ulovlege pengestraumane frå utviklingsland er på tusen milliardar dollar per år. Storparten av dette er skatteunndraging. Dette er ti gonger så mykje som dei rike landa yter i utviklingshjelp. Dersom vi kan redusere skatteunndraginga med 10%, så har vi dobla den globale utviklingshjelpa.

Vi ser ofte at utviklingsland har store fattigdomsproblem sjølv om dei er rike på naturressursar. Innbyggarane i landa får ikkje glede av ressursrikdommen. Dei internasjonale selskapa som tar ut ressursane, betaler lite skatt, og korrupte regime stikk den gjerne i eiga lomme. Skatteunndraging gir også multinasjonale selskap konkurransefortrinn framfor lokale bedrifter. Dermed blir det vanskeleg å bygge opp eit nasjonalt næringsliv.

Utanlandske investeringar kan vere positivt for å skape utvikling og redusere fattigdommen i utviklingsland. Men då må ein rimeleg del av verdiskapinga komme landa og innbyggarane til gode og ikkje forsvinne i skatteparadis. Intern handel mellom ulike selskap i eit globalt konsern er ein effektiv metode for å unndra skattar og avgifter. Fagfolk meiner at minst halvparten av all skatteunndraging skuldast manipulering med pris på varer og tenester ved internt kjøp og sal.

Sett på bakgrunn av det enorme omfanget er det underleg at skatteunndraging ikkje får meir merksemd i media. Grunnen kan vere at det er eit problem som går på tvers av  landegrensene, og som det er vanskeleg å få oversikt over både for styresmakter og for media. I ei offentleg utgreiing blir det peika på at det er privat sektor som har best kompetanse på internasjonale skattereglar og korleis dei kan omgåast. Universitet og forskingsmiljø har vist lite interesse for denne problemstillinga, og nasjonale styresmakter har problem med å følgje med.

Finanskrisa i USA og Europa har skapt ny interesse for skatteunndraging og skatteparadis. Det er avslørt at mange finansinstitusjonar hadde engasjert seg i skatteparadis der dei var skjerma for innsyn. Det skapte problem for risikovurderingane og var eit element i utviklinga av krisa. Finanskrisa har dessutan synleggjort kva som skjer når eit land ikkje har gode og robuste skattesystem som gir nødvendige inntekter.

Eit sentralt tiltak i kampen mot skatteunndraging er openheit om pengestraumar. Openheit gjer det vanskelegare å flytte fortenesta dit skattane er lågast, og det gjer det enklare å avsløre korrupsjon. Får vi meir informasjon om pengestraumar og skatt, er det lettare å avsløre om multinasjonale selskap og korrupte regime inngår avtaler som er til ugunst for innbyggarane. Openheit gjer det også lettare for innbyggarane å vurdere om dei multinasjonale selskapa betaler skattar og avgifter som står i eit rimeleg forhold til dei ressursane dei tar ut.

Ideelle organisasjonar som er opptatt av rettferdig fordeling, har lenge jobba for å gjere noko med den enorme skatteunndraginga som rammar utviklingslanda svært hardt. Dei har lagt press på sine respektive regjeringar, og det har gitt resultat. Organisasjonane har sett fokus på betre informasjon frå selskap som utvinn naturressursar. Formålet er å sikre at naturressursane bidrar til utvikling i vertslandet og kjem innbyggarane i landet til gode.

Eit sentralt tiltak for å redusere skatteunndraging er såkalla land-for-land rapportering. Det inneber at multinasjonale selskap må rapportere om økonomisk aktivitet og betalt skatt for kvart enkelt land der dei opererer. Noreg har hatt samtaler med EU om retningsliner for slik land-for-land rapportering. Men no har regjeringa valt å gå føre med eit godt eksempel. Den innfører land-for-land rapportering for norske selskap frå 2014 utan å vente på kva EU vil gjere.Vedtaket om land-for-land rapportring av skattar og avgifter er eit stort skritt i riktig retning. Openheit er ein viktig basis for å få bukt med skatteunndraging og korrupsjon. Det kan i sin tur redusere dagens ran av utviklingslanda og bidra til ei meir rettferdig global fordeling. No må vi jobbe vidare for å utvide krava til rapportering slik at vi får openheit om alle relevante pengestraumar.

Alf